Historikar Birger Lindanger og Signy Kongsvik frå Finnøy Historielag i gang med å gå gjennom stoff til kultursoga.

FINNØY:

Sist kommunen hadde saka oppe, og avslo søknaden, blei det svart at laget kunne gi ut bind ein av kultursoga, og dermed skaffa pengar til det vidare arbeidet.,

Dette har laget vurdert, men kome fram til at det ikkje er mulig av økonomiske årsaker. Ved boksalg må det nemleg betalast moms, og då er laget like langt, heiter det. Dessutan vil det bety meirarbeid å gi ut tre separate bøker, heiter det i søknaden.

Koronasituasjonen og det faktum at laget ikkje har kunna betala redaktøren det siste året, gjer at arbeidet går sakte, skriv laget, som ber kommunen vurdera søknaden på nytt. Det blir også opplyst at laget held på med korrekturlesing av bind ein, og at historielaget har fått med fleire tidlegare lærarar i arbeidet som både er sterke i nynorsk og kjenner lokale ord, uttrykk og stadnamn godt.

Kultursoga for Finnøy, Talgje, Fogn og Fisterøyane har eit budsjett på 2,6 millionar kroner.