FOGN: Det var langt frå drøymedagen til å erobra Ørnakula på, kor dagsturhytta ligg. Men biskop Anne Lise Ådnøy såg ikkje ut til å bry seg så mykje om vêret.

Tålmodig gjekk ho på stien opp mot hytta, i selskap med barn frå tredje og fjere klasse frå skulen på øya. Barna sprang lett på fot oppover bakkane, mens resten av fylgjet dilta etter.

Då hytta til slutt kom til syne, og siste kneika var unnagjort, utbraut biskop Ådnøy:

-Så flott.

Det var både surt og vind på Peråsen, og Anne Lise Ådnøy måtte sjå etter at dei små var skikkeleg kledde for turen. Foto: Rune Nedrebø

Stor dugnadsinnsats

Ja, for dagsturhytta er blant dei finaste dagsturhyttene som er i området, takka vera stor innsats får dugnadsvillige fognbuar. Dei våte klærne blei hengt av utanfor, og fottøyet fullt av søle måtte også stå ute.

Tanken var at det skulle vore godt og varmt med fyr i omnen då biskopen steig inn. Men litt uvillig ved gjorde at det ikkje blei slik. Like vel var det ein strålande blid og nøgd biskop som skreiv seg inn i hytteboka.

-Turen var litt strid, men eg hadde veldig godt lag oppover, seier Anne Lise Ådnøy til Øyposten.

Biskopen er stovegs imponert over både dagsturhytta på Fogn og beliggenheten.

Gjerdeklyvarar er det mange av, her frå Ugleskaret. Foto: Rune Nedrebø

-Det er ei flott hytte, og opplegget er genialt. Ei hytte som er åpen for alle, det likar eg, seier ho.

-Går du ofte på tur?

-Ja, eg likar veldig godt å gå på tur. Eg går så ofte eg kan, men det er ikkje alltid at tida strekk til, svarar Ådnøy, som har hytte i Fister, og har vore på dagsturhytta der også.

Oppe på hemsen sit nokre av barna godt vagla. Veit dei kven dei har med seg? Jo, det gjer dei, det er biskopen. Men, veit dei kva biskopen gjer for noko?

Flinke folk

God stemning med biskopen på dagsturhytta. På benken frå venstre sit Jon Olav Runestad, Reidun Østhus, Leif Kolnes og Reidun Aabrekk Bråtveit. Foto: Rune Nedrebø

-Ho er sjefen over prestane, kjem det frå ei av jentene.

Det var ikkje så dumt svar.

Det er tredje dagen på biskopen sin visitas i Finnøy kommunedel, og denne torsdagen brukte ho i hovudsak på Fogn. Først besøkte ho dagsturhytta, og deretter var det lappar, vafler og kaffi i kyrkjekjellaren, før det var konsert i kyrkjeromet.

-Korleis har besøket i Finnøy vore til nå?

-Kyrkja i Finnøy har ein utruleg raus stab, med humør og pågangsmot. Det er godt å vita, for dei tre sokna i Finnøy er ganske ulike når det gjeld størrelse. Det krev ein god del planlegging.

Innskriving i hytteboka er obligatorisk. Foto: Rune Nedrebø

Gledar seg til Sjernarøy

Eg har også inntrykk av at det er god aktivitet både i kyrkjene og i organisasjonslivet i kommunedelen. Mellom anna er det blitt meg fortalt at det er rundt 100 gudstenester i året i Finnøy kommunedel. Det er ganske imponerande, det er to i veka, viss me deler det på dagane i året, smiler biskopen.

Besøket i Finnøy kommunedel blir avslutta med visitasgudstene i kyrkja i Sjernarøy.

-Det gledar eg meg veldig til, eg har høyrt at den kyrkja skal vera veldig vakker. Og det er ei kyrkje eg aldri har vore i, seier biskop Anne Lise Ådnøy.

Vaglar seg på hemsen: Frå venstre Storm, Isadora of Nora Tomine. Foto: Rune Nedrebø