Mor og dotter Cindy og Marielle Falkeid driv butikken saman. Foto: Silje Talgø Klakegg

Butikken som blei opna i haust, har dei siste månadane opplevd kraftig tilbakegang i tal hylleleigetakerar, og med færre varer å selje, blir det naturlegvis mindre sal.

– Det er blitt ein vond sirkel. No kjem me til å trenge støtte for å fortsette med dette berekraftige prosjektet, seier Cindy Falkeid som er dagleg leiar i butikken:

– Inntrykket er at mange ønskjer å behalde butikken fordi den er ein fin møtestad i sentrum. Me har skapt arbeidsplassar for ungdommar i kommunedelen også, og dei er det ikkje mange av for dei under 18 år. Det er også mogleg å gjere eit godt kjøp eller å selje noko du ikkje lenger har bruk for, utan å stresse med sal på nettet. Mesteparten av pengane frå salet av ein gjenstand går til seljaren. Me tar ein provisjon på 19 prosent.

Noko nytt å leike med? Foto: Silje Talgø Klakegg

Ikkje lønsamt nok

Falkeid og leiinga i Det Gule Hus sentralt er frustrert over situasjonen, men er einige at dei ikkje kan satse vidare på ein butikk som har gått fleire månadar utan inntekt, og håper at det vil ta seg opp med sal. Dei faste kundane synast at det er synd at butikken kanskje må leggjast ned.

– Eg må jo betale både husleige, straum og løn til dei tilsette, og dei første månadane gjekk det greitt fordi mange leigde hylleplass og kom inn med ting dei ville selje. No er berre halvparten av hyllene utleigd, og då går det ikkje an å drive butikk, legg ho til:

– Men eg vil samstundes takke alle som har vore med frå starten av. Det er mange faste kundar, og mange som har leigd hylle heilt frå starten, og det er dei eg kan takke for at det har gått greitt så lenge som det har gjort. Dei faste kundane synast at det er synd at butikken kanskje må leggjast ned. Mange gir også tilbakemelding om at det er synd at dei ikkje lenger vil ha ein stad å lettvint kunne selje ting dei ikkje bruker.

Her finn du påskekrimmen. Foto: Silje Talgø Klakegg

Mykje å få kjøpt

Snart kjem våren, og med våren kjem turistane.

– Eg håper jo at salet vil ta seg opp. Uansett vil eg bli nøydd til å korte ned på opningstidene framover.

Ho fortel at det framleis er mykje forskjellig å få kjøpt i butikken.

– Det er mykje forskjellig yttertøy, sko og støvlar i ulike storleikar frå barn til vaksen, og særleg kvinne- og barneklede finst det mykje av. I tillegg kan du få kjøpt bøker ganske billig. Me har inne mange krimbøker og ein del andre bøker. Heimespøta klede, verktøy, fiskeutstyr og spel kan du også finne her. Alt mogleg. Kom innom og sjå. Og viss du har noko du ønskjer å bli kvitt, er det berre å leige ei hylle.

Falkeid har brukt mykje tid i butikken, og dermed har matvogna fått mindre merksemd enn ho hadde ønskja i det siste.

– Heldigvis har eg gode folk til å stå i butikken for meg medan eg er i vogna, for eg meiner at både butikken og vogna er med på å skape liv i sentrum. Det treng me.

Utover våren er det mykje jobb med store avtaler i høve matvogna, og Falkeid håper at økonomien vil ta seg opp nok til at ho kan lønne nokon til å stå i butikken. Viss ikkje vil ho bli tvungen til å leggje ned.

Du finn garantert noko å pynte småfrøkna med. Foto: Silje Talgø Klakegg
Mange sel heilt nye ting, som dette uopna Stigespelet. Foto: Silje Talgø Klakegg
Sjal til å pynte opp kjolen med? Foto: Silje Talgø Klakegg
Jakke frå Parajumper. Foto: Silje Talgø Klakegg
Dock boots til ei billeg penge. Foto: Silje Talgø Klakegg