Denne vêrmeldinga la yr.no ut for torsdag denne veka. Det skal kome snø, stadfestar Meteorologisk institutt. Foto: Skjermbilete frå yr.no

Det er vår, tenkjer du kanskje når du går ut døra og kjenner at sola begynner å varme. Rundt omkring ser du snøklokkene strekke seg ut over graset, og hestehoven er allereie kome til Talgje i alle fall.

Men no skal det snu. Litt. Før det snur tilbake att. Me er jo vant til det her i øyane, at alle fire årstider kan vere til stades på ein og same dag.

– Det vil vere skya og temperaturane vil gå nedover på onsdag, fortel vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Leonidas Tsopouridis, til Øyposten:

– Og natt til torsdag vil det kome ein del nedbør. Fordi temperaturen vil vere såpass låg, vil denne nedbøren sannsynlegvis kome som våt snø. Det vil vere rundt 0 grader, og det kan kome nokre centimeter snø.

Han fortel at dette heldigvis vil vere kortvarig.

– Allereie fredag vil temperaturane stige att, og då vil nedbøren kome som regn, avsluttar han.

Så: har du framleis på vinterdekk, vent til helga med å skifte til sommardekk.

Og helst nyt resten av dagen. I dag er det vår.