For ein fest det blei …
Rundt 300 store og små var til stades på den offisielle opninga av dagsturhytta på Fogn laurdag ettermiddag.
- Oddbjørg Måland
FOGN: Ørnareiret blei opna med brask og bram.
I eit fantastisk sommarvêr blei det ei stor oppleving å sjå folket si hytte stå fiks ferdig. Det er ikkje få dugnadstimar ein stor gjeng entusiastar har lagt ned i arbeidet med hytta.
Tomatsnor
Dei frammøtte kosa seg med heimelaga tomatsuppe og kaker, danseoppvisning og snorklypping. I tillegg var det helsingar og lykkeønskingar frå representantar frå kommunen, fylkeskommunen, Sparebankstiftelsen SR Bank, Turistforeningen og grunneigar. Alle trakk fram entusiasmen, samarbeidet og stå på -viljen som har gått som ein raud tråd gjennom prosjektet.
Leiar i kommunedelsutvalet i Finnøy, Birger Hetland fekk æra av å klippa den heilt spesielle snora. Ein snor laga av ei tomatplante, pynta for anledninga med ekstra tomatklasar.
Nå me fyrst snakkar om heilt spesielle ting, kjem ein ikkje unna dagens hovudkake. Ona Batutiene, kakekunstnaren frå Fogn hadde laga ei stor kake, nøyaktig kopi av dagsturtyrhytta. Ei sjokoladekake på 10 kilo som to personar bar opp mellom seg.
Ny nasjonaldag
– 3. september bør bli ein ny og ekstra nasjonaldag på Fogn. Eg må oppmoda grendelaget og idrettslaget til å markera dagen kvart år framover. Dette er stor stas, seier Hetland som heiv seg ut i BlimE-dansen saman Solveig Ege Tengesdal frå fylkeskommunen, Ellen Instefjord frå Sparebankstiftelsen og elevane på oppvekstsenteret.