Kronerulling for Ombo-butikk: -Heilt fantastisk
Butikkeigar Karin Ågesen i Jokerbutikken i Eidssund er både rørt og svært takksam for kronerullinga som Randi Westersjø-Christensen har sett i gong for å støtta den einaste butikken på øya.
OMBO: -Det er heilt fantastisk, seier Karin Ågesen til Øyposten. -Det var det same dei gjorde for butikken på Vassøy, men eg hadde aldri trudd at det skulle skje her. Folk har meir enn nok med seg sjøl, så dyrt som alt nå er blitt, seier ho.
Dei knallharde straumrekningane gjer at mange butikkar kjempar for livet. For Joker Ombo har straumrekninga vakse frå 20.000 kroner i månaden til nærare 80.000 kroner. Og det er utan nettleie. Men momsen får ho igjen, så det hjelper på rekninga, legg ho til.
I butikken prøver ho å spara straum så godt ho kan.
– Eg har skrudd ned, og av, alt som det er forsvarleg å redusera på i butikken, både kjøle- og fryseskap, varme og lys. Det er ikkje triveleg her lenger, men det er nødvendig.
-Me må venta til årsskiftet for å sjå korleis me kjem ut av det økonomisk. Men kronerullinga hjelper, seier Ågesen, som sjølv trur ho vanskeleg kunne budd på øya viss det ikkje var butikk.
-Me er heldige som har fått oppdraget med å halda venterommet i orden, det hjelper oss også i ei vanskeleg tid, seier Karin Ågesen.
Mannen Johne Ågesen er også oppteken av at butikken må bestå.
-Viss ei bygd misser skulen og butikken, då er ho ille ute, meiner han.
Blant dei som har bidratt i kronerullinga er Anne Berit Finnestad som har hytte på Jørstad på Ombo.
-Klart me måtte det, det skulle bare mangla. Butikken er veldig viktig for oss, og eg er redd den kan bli borte viss straumen blir like dyr framover, seier Finnestad, som sjølv fyrer med ved for å spara på straumen.
-Heldigvis er det mykje ved på Ombo, seier sonen Kristian Finnestad.
Så langt har det komme inn 53 100 kroner, 116 personar har gitt og det er 73 dagar igjen av spleisen.
Alle pengane som kjem inn skal utelukkande gå til betaling av straumrekningar.