Kystfiskarar fryktar papirmølle for rapportering av fangst

Fiskar Kristian Stang på Finnøy fryktar konsekvensane av forslaget om omfattande rapportering kvar gong dei er ute på fiske.

Kristian Stang ser mørkt på det, viss dei nye rapporteringskrava blir innført. Her er han i gang med å laga klar ei ny setjenot.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Forslaget kjem i kjølvatnet av «fiskefusk-utvalet», og inneber mellom anna dagleg rapportering av fangst innan klokka 01.00 om natta. Det blir bare tillate med 10 prosent avvik i fangsten.

– Det blir ikkje enkelt for mindre fiskarbåtar kor det som regel er ein mann ombord, seier Kristian Stang til Øyposten.

Stang har tre fiskebåtar, og den største av dei på 10,6 meter kan få krav om rapportering alt neste år. For dei to mindre båtane hans kan kravet bli gjort gjeldande frå året etter.

Kan bli vel travelt

-Det ser temmeleg håplaust ut viss me både skal plotta inn fangsten på Ipad’en, samtidig som me skal få i oss litt mat og halda rett kurs. Det høyres ikkje greitt ut, seier Kristian Stang vidare.

Det er også krav om å installera sendar ombord, for å kunna spora fiskebåtane. Det er Stang meir positiv til.

-Då vil det visa kor me fiskar, og dermed vil det ikkje bli så enkelt å leggja oppdrettsanlegg eller andre hindringar i området, seier Stang.

Han håpar likevel at myndighetene kjem fram til ein enklare måte å rapportera på, som gjer det leveleg for kystfiskarane.

-Dei seier rapporteringa ikkje skal vera eit midddel til å straffa oss, men det kan det fort bli, meiner Finnøy-fiskaren.

Også nettverket for fjord- og kystkommunar fryktar at nye unødvendige krav til rapportering vil truga kystfisket og kystsamfunn langs kysten.

Tung sjø og mykje fangst

«For ein liten sjark vil rapporteringskrava medføra eit unødvendig meirarbeid. I tung sjø med mykje fangst som skal om bord er det ikkje realistisk å forventa at kystfiskarane skal trykkja på dataskjermar for å rapportere fangsten, istaden for å fokusera på arbeidet og sikkerheten», heiter det i fråsegna.

Det blir også påpeika at dei fleste kystfiskarane driv eit begrensa fiske på sitt eige «heimehav» og at dette fiske ikkje utgjer nokon trussel for bestandane.

«Her trengs det politisk handlekraft dersom regjeringa verkeleg meiner at dei vil sikra ein variert, fiskareigd og berekraftig fiskeflåte som bidrar til at fisken gir auka aktivitet, større verdiskaping og fleire heilårlige arbeidsplassar i lokalsamfunn langs heile kysten. Ein god start vil vera å forkasta unødvendige rapporteringskrav for kystfisket», heiter det vidare i fråsegna.

Publisert: