Lars Martin har investert i solceller for framtida
Birte og Lars Martin Lauvsnes Hetland på Finnøy har hatt solcellepanel på taket i snart eitt år, og har redusert straumrekninga så langt med 8000 – 10 000 kroner.
- Oddbjørg Måland
FINNØY:–Sjølv om dette er ei langsiktig investering, og det vil ta lang tid før anlegget er nedbetalt, er eg ikkje i tvil om at det er ei rett investering.
Det seier Lars Martin til Øyposten.
Mangedobla prisar
Etter litt forsiktig press frå kona Birte, tok han kontakt med Lyse og fekk eit prisoverslag i oktober 2021. Frå den tid og fram til i dag har prisane på installering av solcellepanel stige med rundt 80 prosent, og leveringstida er dobla.
– På det tidspunktet hadde ikkje straumprisane teke av på same måte som no. Lydane me høyrde den gong var at straumprisen kunne kome opp imot 1 krone per kilowatt per time, og det tykte me var dyrt. Eg trur det var det som fekk oss til å ta den endelege avgjersla, i tillegg til miljøperspektivet. Å ha sin eigen straumproduksjon er ein fin måte å redusera energibruken på, utan inngrep i naturen.
Salet av solcelleanlegg har gått over all forventning i 2022, og i Rogaland.
Ifølgje Elhub har det blitt installert om lag 687 solcelleanlegg i Rogaland fylke så langt i år. Det er ei dobling frå året før. Tala frå desember er ikkje medrekna i denne statistikken.
Langt igjen
Anlegget til Birte og Lars Martin består av 20 panel og er montert på garasjebygget som vender mot vest. Totalprisen enda opp på 110 000 kroner, inkludert 20 000 kroner i støtte frå ENOVA. Lyse har berekna at anlegget deira skal produsera 6500 kilowattimar per år, og det stemmer godt med dei faktiske forholda. I fjor var årsforbruket rundt 54 000 kilowattimar. Det vil sei at dei brukar langt meir enn dei produserer.
– Det er til ei kvar tid den gjeldande straumprisen som avgjer kor mykje ein sparer.
Familien Hetland har eit relativt høgt straumforbruk.
– Ja, det stemmer. Me er ein stor familie og har to bygningar som skal varmast opp, sju-åtte personar skal dusja kvar dag, to elbilar skal ladast, og to til tre vaskemaskinar og oppvaskmaskinar går kvar dag. Det er klart me brukar straum. Trass i at me tenker sparing og har sett i verk forskjellige smarte tiltak, var rekninga for desember likevel på 16 000 kroner, før straumstøtte. For oss med slike utgifter er me nøydd å sjå på smarte sparetiltak. Me vurderer å byta ut begge varmtvannsberedarane med varmepumpe baserte, smarte beredarar for begge husa. Dette kan redusera energibruken for varmtvatn med opptil 75 prosent.
Batteriban ikkje aktuelt
På denne tida av året er det mindre draghjelpa å få av solcelleanlegget, forbruket er høgast og straumen er dyr. Men det endrar seg med årstidene.
– På sommarstid produserer anlegget meir straum enn me brukar, og då går overskottsstraum tilbake til Lyse. Det betyr at straumrekninga i sommar var svært låg.
– Vurderte du batteribank til oppsamling av overskotsstraum?
– Batteri blei vurdert, men Lyse rådde oss ifrå. Med den høge kosten på batteri, og dessutan medrekna levetid, var ikkje dette å anbefale, var beskjeden me fekk, seier Lars Martin Lauvsnes Hetland til Øyposten.