FINNØY: -Det skal ha vore mykje stein her på tomta, opplyser Solveig Nærland til Øyposten.

Det er ho som viser oss det sjeldne naturfenomenet.

Eika veks i sjøkanten på Nærland og må vera godt over hundre år gammal, å dømma etter omkrinsen. Ho har teke med seg den store steinen på 100–200 kilo til værs etter kvart som ho vaks til, og nå svevar han hjelpelaust ein god meter over bakken.

Arborist Falke Omdal i Stavanger har ikkje sett noko liknande.

-Det er ikkje sjå sjeldan at gjerder for eksempel blir slukt av trær. Men dette var veldig spesielt. Det er nesten som eit bord, seier han.

-Her har det vore store krefter i sving?

-Ja, det er store krefter i ting som går seint, seier Falke Omdal.

Viss du veit om andre naturfenomen, er Øyposten svært interessert i å få eit tips.