Grunneigar Geir Steine har hyra selskapet Skjæveland & Co for å planlegga sju nye einebustader på ei tomt rett ved Sokn camping. Problemet er at kommunedirektøren meiner det må byggjast eit fortau langs den smale Golhaugveien før fleire hus kan koma på tale.

Eit stort fleirtal i Rennesøy kommunedelsutval er heilt einige med kommunedirektøren, kom det fram då saka var oppe i utvalet tysdag.

Ein utrygg veg

– Me er opptekne av å få meir fortau og trafikksikkerheit i kommunedelen. Då kan me ikkje ved første høve droppa krav om fortau, sa Anbjørg Sørbø Larsen (KrF).

Ho la fram eit forslag som støttar pålegg om fortau med følgjande grunngjeving:

«Det vil sikre en trygg og trafikksikker adkomst til boligene, og sikre bedre tilgjengelighet for allmennheten til strandsona. Inkludert det nye feltet blir det cirka 35 bolighus som har den smale delen av Golhaugveien som adkomstvei.»

Ho viste til at vegen er tre meter brei, nokre stader mindre, og at store deler av vegen ligg høgare enn grøftekanten:

«Veien blir mye brukt som turvei av gjester på campingplassen for å komme til sykkel- og gangstien som går langs Bruveien. Skolebarna må gå langs Golhaugveien for å komme til Bruveien, der skolebussen stopper.»

Treng nye bustader

Forslaget blei vedteken ni mot to stemmer. Bare Tor Bernhard Harestad (Frp) og Ommund Vareberg (V) stemte for eit fortauslaust alternativ.

– Fortauet vil bli nesten breiare enn bilvegen. Eit krav om fortau vil gjera at utbygginga ikkje blir noko av. Det vil bli altfor dyrt, sa Harestad:

– Eg meiner det må halda at bilvegen blir utvida til 3,5 meters breidde og at det blir laga ei passeringslomme. Eg er oppteken av at fleire skal busetja seg på Sokn slik at me ikkje daudar ut.

Kart som viser den aktuelle tomta på Sokn: