– Me har fått innlevert mellom 40 og 50 mink så langt. Det er om lag som forventa, skriv naturforvaltar Vegard Ankarstrand i Stavanger kommune i ei tekstmelding til Øyposten.

Den 15. januar i år innførte kommune tusen kroner i skotpremie for mink felt i Finnøy eller Rennesøy kommunedelar. Dagen etter var det ein lokal jeger som leverte inn 21 dyr, sidan kommunen har bestemt at skotpremien skal ha tilbakeverkande kraft for mink felt etter 1. september i fjor.

Ordninga gjeld innanfor ei ramme på 300.000 kroner, som betyr at det per 23. februar er over 250.000 kroner igjen.

Ankarstrand fortel om enorm pågang frå minkjegerar som spør om ulik ting kring utbetaling av skotpremie og slikt. Han viser til at dei fleste svara kan folk finna på Stavanger kommunes nettside om minkjakt.

Jegerar som vil delta i minkjakta må registrera seg hos kommunen. Død mink skal leverast til driftsstasjonen i Hauskenveien 99 på Rennesøy etter nærare avtale med driftsleiar Eirik Solbakken Christophersen (telefon 97971080). Minken skal vera frosen, heil og mulig å identifisere, heiter det.