Lamminga er i full gong og er venta å nå ein topp mot slutten av månaden, det vil sei midt i påskehelga.

På Rennesøy har dei damesamlingar før og etter lamminga. På Finnøy har dei lammelunsj på Gardsloftet Nærland kvar tysdag gjennom heile sesongen.

Må ha mat

– Sjølv om folk har det travelt i lamminga, så må dei ha mat. Så då fann me for nokre år sidan ut at me kunne samlast til ein lunsj ein gong i veka, seier Tor Bjarne Flesjå.

I januar overlot han garden på Nærland til neste generasjon; dottera Hanne Flesjå Reilstad og svigersonen Torstein Reilstad. Framleis bidreg veteranen aktivt, og han sit i styret til Finnøy sau og geit.

Tor Bjarne Flesjå tek imot ei lam frå ein spælsau på garden som dottera Hanne Flesjå Reilstad og svigersonen Torstein Reilstad overtok i januar. Foto: Sigbjørn Høidalen

– Til lammelunsjane får me ferdig mat, og me får inn nokre fagpersonar til å halda eit lite foredrag. Det viktigaste er likevel det sosiale, og at me kan utveksla erfaringar oss bønder imellom, seier Tor Bjarne.

Første lammelunsj på Gardsloftet Nærland er tysdag 26. mars klokka 11.30. Då kjem det ein frå Felleskjøpet for å fortelja. Så går det slag i slag fire tysdagar i april.

Før og etter

Rennesøy og Mosterøy sau og geit har laga eit damefellesskap som har samling før og etter lamminga.

– Sist veke hadde me samling på Østhusvik grendahus med pizza og innlegg frå veterinær Siv Meling, fortel Marion Asbjørnsen, som driv med sau på Galta og sit i styret til sauelaget:

– Midt i lamminga har me det så travelt, så då har me ikkje funne tid til samlingar. Me planlegg eit nytt møte når lamminga er over. I fjor hadde me noko me kalla pølser, pils og parasittar.

Heime på Galta kom dei første lamma allereie i januar, som ikkje var heilt planlagt.

– Ein teori er dårlege gjerde, seier Marion.

Ho og mannen Jan Erik har 75 sauer som skal lamma.

Taus kunnskap

På Nærland tysdag ettermiddag kjem først eit dødt lam, så kjem eit friskt lam. Det årlege eventyret ber med seg gleder og sorger.

– Me samlar dei sauene som nærmar seg lamming i ein eigen binge som blir overvaka med kamera. Så kan me sjå på kamera når dei blir lamsjuke. Heile familien sit og følgjer med, seier Tor Bjarne.

Dottera Hanne og mannen, to av ungane og ein nevø står i fjøset og følgjer med på korleis Tor Bjarne gjer det. Her er det mykje kunnskap å henta som ein ikkje kan lesa seg til. Det handlar om å tolka signal og gjera dei rette handgrepa.

– Eg har vore med før, men då har eg ikkje hatt ansvaret. Nå er det meir alvor, seier Hanne.

På Nærland har dei 80 sauer som skal lamma i år. Ultralyden har fortald at det skal koma 220.