Elin Schanche blir ny rådmann i Kvitsøy frå 1. mai

-Eg gledar meg, det er stas å bli spurt om å steppa inn i jobben når eg er «godt vaksen», seier Elin Schanche (61), som blir rådmann i Kvitsøy frå 1. mai.

Elin Schanche blir ny rådmann i Kvitsøy.
Publisert: Publisert:

RENNESØY: Schanche etterfylgjer Vegard Thise som rådmann i kommunen.

-Me har alltid hatt eit nært forhold til Kvitsøy, seier Elin Schanche.

-Far bytta anguskjøt med hummar derifrå, og kvitsøybuen var ofte på dans på Mosterøy, legg ho til.

Schanche understrekar at ho trivst kjempegodt i den nåverande jobben i Prosjektil, men ho gledar seg til å ta fatt som rådmann i øykommunen vest i havet.

-Skal du flytta til Kvitsøy?

-Nei, det gjer eg nok ikkje, men eg har forstått at det står ein hybel til disposisjon der viss eg treng å overnatta. Det blir nok litt lenger reiseveg, men eg kan jobba på ferja til og frå øysamfunnet, seier ho.

Denne utsikten kjem Elin Schanche til å nyta ofte framover.

Kvitsøy har 520 innbyggjarar, og folketalet har auka dei siste åra.

-Det er flott, seier Schanche.

-Kjem du til å snu opp ned på mykje når du begynner som rådmann?

-Nei, det er ein veldriven kommune. Men eg har gitt nokre innspel. Det er ein spennande kommune nå når dei skal få fastlandsforbindelse gjennom Rogfast, seier Elin Schanche, som ikkje ser for seg å pendla i speedbåt ut til øykommuen.

-Eg har alt for stor respekt for Boknafjorden, slår ho fast.

Elin Schanche blei beden om å søkja på jobben, og gledar seg til å bruka den kompetansen ho har til beste for Kvitsøy kommune.