Skjermbilete frå pressekonferansen i høve underskrivinga av samarbeidsavtale i den nye fleirtalskoalisjonen. Foto: Skjermbilete

Etter fire år med raud-grønt styre i Stavanger, skal dei blå kreftene overta. Den nye plattforma er ti sider lang, og inneheld mange av dei same måla som posisjonen i førre periode hadde.

Ny posisjon vil også få ned sjukefråveret. Dei vil skape arbeidsplassar. Dei vil satse på miljø og lokaldemokrati, og fjerne barnefattigdom. Den store forskjellen i programma, er vegen parti vel å gå for å nå måla.

Frå før har me høyrd at eigedomsskatten skal fasast ut, og fritidskort for barn og unge skal innførast. Dette er noko som kjem til å gagne mange øybuar.

Der dei raud-grøne la til rette for universale ordningar som gratis SFO for alle førsteklassingar, og gratis skulemat til alle på utvalde skular, vil den nye posisjonen freiste å setje inn tiltak som er meir retta mot enkeltpersonar som treng det.

Det skal også bli meir rom for private initiativ innanfor tenester for barn og unge, til dømes ved at private og kommunale barnehagar skal likebehandlast. I tillegg vil fleirtalspartia i løpet av perioden revidera ressursfordelingsmodellen til skular og barnehagar.

Havbruk og olje blir trekt fram som viktige industriar i Stavanger. mens landbruk ikkje er nemnd.

I områda som har busettingsutfordringar skal det utviklast eit bygdevekstprosjekt, der kommunen, fylkeskommunen og innbyggjarane i dei aktuelle områda skal inkluderast.

Dei legg også vekt på å utvikle Judaberg og Vikevåg som kommunedelssentrum.

Partia vil «vurdere fjerning av egenandeler og gebyrer som tiltak for å unngå fråflytting frå nord i kommunen».

Ein viktig forskjell på den raud-grøne plattforma og denne, er at Øyfast er fjerna frå ordlyden i teksten.

Øyposten vil følgje situasjonen nøye for å sjå korleis utviklinga blir i Finnøy og Rennesøy med nytt kommunestyre.