Halvparten har søkt privatskular

Det opplyser rådgjevar Margunn Tungland Nordbø ved Finnøy skule.

– Det er langt fleire søkarar til Naturbruk enn det Strand vgs har kapasitet til. Dette er ikkje berre ein trend blant elevar frå Finnøy, men frå heile regionen. I år er det og fleire frå Finnøy enn vanleg som har søkt studiespesialisering på Strand. På tredje plass kjem TIF (teknologi og industrifag), elektro og datateknologi og helse og oppvekstfag. Den andre halvparten av elevane har stort sett søkt seg til dei private skulane slik som Tryggheim, KVS Lyngdal og Lundeneset, seier Tungland Nordbø.

Gode løningar i oppdrettsnæringa

– Kva er det som er så attraktivt med Naturbruk på Strand?

– Eg trur det heng saman med kort utdanning og gode løningar i oppdrettsnæringa. Alle elevane går fyrste året felles, deretter vel dei anten akvakultur eller fiske og fangst andre året. Det er desidert flest som søker akvakultur som er mest retta mot oppdrettsnæringa.

– Er det ingen som søker seg til Randaberg?

– Svært få. Eg trur i år det er éin elev som har søkt. Det har med kommunikasjon å gjera. Det er relativt kronglete å komma seg frå Finnøy til Randaberg, seier Tungland Nordbø.

På Rennesøy skule er fordelinga slik:

46 elevar har søkt yrkesfagsprogram; særleg elektro og TIF og her har dei fleste valt Randaberg vgs

31 har søkt studiespesialiseringsprogram, hovudsakleg på St. Olav.

Når det gjeld idrettsfag, inkludert toppidrett har dei fleste i Rennesøy søkt seg til St. Svithun.