Einar Schibevaag er leiar i Rogaland Mållag.|Einar Schibevaag har jobba lenge for å få høgare utdanning til Ryfylke. Foto: Arkiv|Einar Schibevaag er leiar i Rogaland Mållag.

STAVANGER:

Nynorskroboten, som er eit datatprogram for omsetjing frå bokmål til nynorsk, er utvikla av Nynorsk pressekontor. Stavanger kommune er den første kommunen som tek dataprogrammet i bruk, og Stavanger har også hjelpt fleire andre kommunar og fylkeskommunar i gang med nynorskarbeidet.,

Stavanger kommune har fått gode tilbakemeldingar frå mellom anna Norges Mållag for arbeidet sitt med nynorsken, skriv kommunedirektøren i si oritentering om nynorskarbeidet i klommunen.

-Ved hjelp av nynorskroboten vil ein kunna auka tilfanget av tekstar på nynorsk, både internt og utad, legg han til.

Stavanger kommune har som mål at 20 prosent av tekstane frå kommunen på sosiale medium skal vera på nynorsk, eit mål kommunen oppnådde i fjor. Det er også eit mål om at 20 prosent av nyhetene på Intranett skal vera på nynorsk, og det same med stillingsannonser, brosjyrer og kunngjeringar frå kommunen.

Einar Schibevaag, leiar i Rogaland Mållag, meiner den politiske leiinga i kommunen har vist vilje til å ta nynorsk på alvor.

-Det skal kommunen ha skrøyd for. Men Stavanger kommune er ein stor organisasjon, og det er viktig at også dei tilsette er bevisst på å bruka meir nynorsk, sier Schibevaag, som legg til at det også er viktig at kommunen støttar opp om nynorskbruken i skulane i Finnøy og Rennesøy.