Du kan enkelt få vaksinedose nummer ein, to, eller tre, ved å stikka innom Forum Expo.

FINNØY

: Me har sjekka kommunen sine heimesider, og funne svaret.,

For å forenkla arbeidet med registrering og oppfylgjing av positive hurtigtestar skal dei som er smitta registrera positiv hurtigtest sjølve, eller for sine nærmaste.

Slik går du fram:

  • Registrer positiv hurtigtest.

For å få registrert positiv hurtigtest må du logga deg på med elektronisk ID. Det kan du gjera ved å gå inn på heimesidene til Stavanger kommune under koronainformasjon. Her finn du eit eige avsnitt med informasjon om kva du skal gjera om hurtigtesten er positiv. Gå inn på lenka https://hjemmetest.remin.no/stavanger.

  • Isoler deg.

  • Varsla nærkontaktane.

Inne i skjemaet blir du spurt om å registrera nærkontaktene dine 48 timer før du fekk symptom, eller 48 timer etter at du tok hurtigtesten. Nærkontaktar er dei du har vore mindre enn 2 meter frå, i meir enn 15 minutt.

  • Ta ein PCR-test.

Når du har registrert ein positive hurtigtest vil du få ein SMS av smittesporingsteamet som forklarer deg korleis du og din nærkontaktar skal forhalda dykk.