Speidarbasen ved Eggebøstemmen kan få kraftlinjer rett over seg.|Kartet som viser forslaget til linjetrasear. Det er den austlegaste linja, nærast Reilstad, som vil gå over speidarbasen og gjennom turområdet Teigen.

FINNØY: -Det vil vera biringt, seier Jone Ullenes i Finnøy og Talgje KFUK-KFUM- speidarar til Øyposten.,

Ullenes seier at det siste par åra er lagt ned ein stor dugnadsinnsats for å få til speidarbasen, som i tillegg er støtta både av det offentlege og bedrifter. SR-bank stiftelsen har til dømes gitt kring 130.000 kroner til å utvikle speidarbasen på Finnøy. Dessutan har den verna bedrifta ARAK på Finnøy lagt ned mykje arbeid. Leiren med fire gapahukar er åpen for alle turgåarar i området, og er såleis eit nytt friluftstilbud for alle.

Eggebøstemmen ligg idyllisk til, ikkje langt frå turområdet Teigen. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Det eine alternativet som er skissert for den nye kraftlinja, kjem til å gå rett over speidarane sin base.

-Viss det skjer vil det øydeleggja området. Då kan me ikkje vera der. Det er noko me ser svært mørkt på, for kor finn me ein tilsvarande beliggenhet på Finnøy, med ein grunneigar som er så imøtekomande og gir oss ein langsiktig kontrakt på å få bruka området, seier Ullenes.

Han meiner også det vil vera svært trist om det han meiner er eit unikt turområde skulle få kraftlinjer over seg.

-Det må vera mulig å kombinera prosjektet med gang- og sykkelveg, slik Bondelaget har foreslått. Då vil Finnøy-samfunnet få ein gevinst av prosjektet, i tillegg til betra straumforsyning, i staden for å sitja igjen med store naturinngrep og øydelagt barne- og ungdomsarbeid, meiner han.

Også Arild Flesjå, leiar i Teigens venner, reagerer sterkt på forslaget.

-Det er «heilt bak mål» å øydeleggja Teigen på denne måten, seier Flesjå, som har hatt møte med Lnett om forslaget.

-Eg spurde om dei var klar over at forslaget gjekk rett gjennom eit populært turområde, men det var dei tydelegvis ikkje, seier Flesjå.

Frå Teigen, tusenårsstaden på Finnøy. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

I likhet med speidarbasen er det også i Teigen lagt ned ein stor dugnadsinnsats, og turområdet er også Finnøy sin  tusenårsstad.

Tusenårsstaden er ein stad kommunar og fylkeskommunar over heile landet peika ut for å markera overgangen til 2000-talet.

Turområdet har dessutan fått betydeleg økonomisk støtte frå kommunen, nå sist til 24 nye lysmaster, som også skal setjast opp på dugnad.

-Det er viktig at øyane nå kjem med vektige argument slik at me kan unngå dette. Difor var det gledeleg å sjå det engasjementet som var på møtet i Finnøy Bondelag denne veka. Det var stappfullt i lokalet, seier Arild Flesjå.

Kartet som viser forslaget til linjetrasear. Det er den austlegaste linja, nærast Reilstad, som vil gå over speidarbasen og gjennom turområdet Teigen.