Difor er bensinprisen på Reilstad billigare

På Reilstad er bensinprisen kanskje den billigaste i distriktet.

Anna Lindal Flesjå bryr seg ikkje om bensinprisane i særleg grad. -Eg køyrer så lite, det blir ingenting av.
  • Oddbjørg M. Måland
Publisert: Publisert:

FINNØY: Medan drivstoffprisane skyt i vêret, ligg Olav Reilstad godt under pumpeprisane andre stader i distriktet.

– Eg er i mot «heiskøyringa» på bensinprisane som mange stasjonar driv med. Mange regulerer prisane opp ned fleire gonger i løpet av ein dag, det har eg aldri drive med, og tykkjer ingenting om, seier Olav Reilstad som eig og driv bensinpumpene på kaia på Reilstad.

Ingen bindingar

I dag tysdag er prisen på Judaberg for ein liter blyfri bensin 26.59 kroner og dieselen vert seld 24.49 kroner per liter.

På Reilstad kostar blyfri bensin 24.04 kroner og diesel 20.80 per liter. Det vil sei at bensinen er 2.50 kroner billegare og dieselen er 3.69 kroner billegare per liter.

– Kva er det som gjer at du kan selja så mykje billegare enn mange andre?

– Det er fleire ting. Eg bestem sjølv prisen på drivstoffet, og når prisane skal settast opp eller ned. Oftast skjer det ein gong i veka. I og med at eg eig tankanlegget sjølv er eg ikkje bunden til avtalar med oljeselskapene eller har rammebetingelsar på anna vis. Men det er jo klart at jo billigare eg sel bensinen, jo mindre er innteninga. I motsetning til dei store bensinstasjonane vurderer eg prisane ut ifrå mine eigne kostnadar. Eg vil ha mest mogleg forutsigbare prisar. Dette med bensinprisar heng nøye samen med grådigheit og avgifter til staten, forklarer Reilstad.

– Du har kø framføre pumpene heile tida?

– Ja, eg merker sjølvsagt auka pågang. «Billeg» drivstoff ryktast fort. Her om dagen fekk eg ein sms frå ein kunde som fortelde at bensinen låg fire kroner unna andre stader. Det kan variera litt, men eg er generelt godt på undersida av mange andre bensinstasjonar.

Pris viktigast

Anna Lindal Flesjå frå Finnøy er innom benstinasjonen på Judaberg på veg til byen.

– Det er jo dyrt, veldig dyrt, men for meg betyr det ikkje så mykje fordi eg køyrer lite. Eg tykkjer det mykje verre for dei som er avhengige av bilen og brukar den heile tida.

Folk er opptekne av pris, pris og pris. Sidan mange andre nødvendige ting har stige såpass mykje den siste tida, er det klart at alle er interessert i å få bensinen billegast mogleg, avsluttar Olav Reilstad.