Tor Øyvind Skeiseid og Silje Vignes Flesjå i Tomatfestivalen. (Foto: Halvard Bøe)

Konsekvensane av koronautbrotet får store følgjer internasjonalt, nasjonalt og lokalt. På Ryfylkeøyane er det mange som spør «Blir det Tomatfestival?»,

- Me veit ikkje svaret på det. Me må sjølvsagt forhalda oss til det som helsestyresmaktene til ei kvar tid seier. Og då må me ta konsekvensen av det, fortel Silje Vignes Flesjå. Styremedlemer, komitemedlemer og koordinator Ryfylke Livsgnist er nå i jamn dialog om moglege utfall. Det eine alternativet er sjølvsagt at festivalen blir avlyst, dersom det ikkje er lov å samla folk i august.

- Samtidig veit me at me treng tid for å få ein festival opp å stå. Me jobbar med målsetting om at det blir festival. Men, om me kjem for langt ut på våren før me får klarsignal om å kunna arrangera, er også ei forenkla utgåve ei løysing, legg Silje til.

Det er både økonomiske og praktiske sider med kva val ein tar. Festivalen er avhengige av sponsorinntekter, sal og utstillarbetaling. Ei usikker tid, fører til at fleire «sit på gjerdet» litt lenger.

- Verken utstillarar eller sponsorar skal risikera noko økonomisk dersom det ikkje blir festival. Derfor sender me ikkje ut rekningar før me veit hundre prosent sikkert om det blir festival. Men, om det blir litt færre bidragsytarar, justerer me heller ned omfanget, med litt færre arrangement og litt mindre opplegg. Me skal driva innafor økonomiske rammer og god styring. Men, er det lov å samla folk, trur eg nok kanskje at folk ønskjer å koma saman i august, understrekar Silje Vignes Flesjå.

Festivalleiinga vil bruka vekene framover godt før ein kan ta ei klarare avgjerd rundt 1. mai.