Tredje slåtten var rik på protein, opplyser Norsk Landbruksrådgiving Rogaland (NLR).|Mjølkebøndene i kommunedelane Finnøy og Rennesøy kan igjen gleda seg over at dei får auka produksjonen

Ein skal ikkje lenger tilbake enn til 2.april, då bøndene sist fekk beskjed om at dei kunne auka produksjonen med fem prosent. Då med bakgrunn  i at verknaden koronapandemien alt hadde byrja å visa seg i auka etterspørsel.,

Men hovudgrunnen var likevel då ei betydeleg forseinking av oppstarten i produksjon og utflagginga av den mykje omtala Jarlsbergosten til Irland, som i utgangspunkt skulle føra til ein reduksjon i behovet for mjølk på heile 100 millionar liter.

Nå er det altså derimot det motsette som skjer, og behovet er faktisk igjen i ferd med nærma seg 1500 millionar norskprodusert mjølk. Dei siste prognosane frå Tine går nemleg ut på at det vil vera behov for 1496 millionar liter mjølk i år.

Øyposten har tidlegare også meldt om at der er for lite storfekjøt i marknaden.

,For  mjølkeprodusentane på Ryfylkeøyane må det også vera svært  hyggelege meldingar å få, ettersom dei fekk melding om at både mjølkeprisen og produksjonen av mjølk måtte ned for berre nokre få månader sidan.