Forvarselet om kva som var i vente, fekk familien alt ei veke før, 3. april. Då naudlanda eit tysk tomotors JU 88 bombefly på garden.,

-Flyet skal ha delteke i eit angrep på britiske skip utfor norskekysten, då det blei skada og måtte naudlanda. Det strauk over husa og landa nokre hundre meter frå tunet. Flymannskapet hoppa ut frå flyet væpna med eit maskingevær dei hadde teke med seg, og skaut flyet i brann. Det var nok om å gjera å skjula alt som kunne røpa kva som skulle skje nokre dagar seinare, seier Kjell Vastveit til Øyposten.

Sjølv var han bare eit par år gammal, då dette skjedde.

-Men dei eldre brørne mine hugsar det godt, dette var langt frå kvardagskost, seier han.

Eit staseleg hus

9. april 1940 kom krigen for alvor til Forus. Då hadde foreldra til Kjell Vastveit ikkje hatt garden der i meir enn omlag 10 år. Det var ein stor gard, med paddeflate jorder og store bygningar. Eit bilete frå den tida viser eit staseleg våningshus med to piper og søyler i inngangspartiet. Det var bygd av fabrikkeigar Emanuel Simonsen frå Sandnes, som var engasjert i uttappinga av Stokka-vatnet som heilt til rundt 1910 dekka store deler av det området som i dag utgjer Forus.

Resultatet blei fire store gardar, og Simonsen kalla sin gard for Svanholm etter ein holme i vatnet. Men gardsdrifta var vanskeleg den første tida etter uttappinga. Det var blautt og blei fort mykje sorpa, og det enda med at banken overtok Svanholm. Rundt 1930 kjøpte Knut Vastveit garden. Ein plass står det at garden var på 600 dekar, utan at Kjell Vastveit kan gå god for det.

-Men han var fleire hundre mål, og var ein god gard når jorda omsider fekk tørka ut, seier han.

Morgonstellet i fjøset var truleg knapt ferdig, før flylarmen og lyden av krig nådde tunet på Svanholm den 9. april.

Kom same dagen

-Dei såg godt flya som kretsa over Sola, og heilt tydeleg dei første fallskjemsoldatane som kasta seg ut frå flykroppane, fortel Vastveit vidare.

Dei kunne heller ikkje unngå å høyra skotsalvane frå Sola, då tyske tropper overmanna det norske forsvaret og tok kontrollen over flyplassen. Ikkje lenge etter kom det pulje på pulje med store transportfly og landa på Sola.

-Det pågjekk kontinuerleg, og alt første dagen hadde dei landa ikkje mindre enn 6000 mann på Sola. Her var det snakk om tysk effektivitet, seier han.

Det gjekk heller ikkje mange timane før tyskarane dukka opp i tunet på Svanholm. Då hadde mora alt teke med seg dei fem barna og søkt tilflukt hos sine foreldre som hadde gard på Stokka i Sandnes, høydedraget over Forus.

-Far fekk beskjed om at tyske offiserar trong huset til innkvartering, og familien måtte få tømt huset neste dag. Det blei ein stri dag for mor, som då var gravid i åttande månad,  seier Kjell Vastveit.

Angrep på Sola

Men her var det inga bøn. Seinare same månaden blei flyplassen på Sola utsett for eit angrep frå sjøsida av den engelske kryssaren "Suffolk".  Dei tunge, engelske kanonene sende av garde granatar mot Sola som skal ha fått husa heilt inne i Stavanger til å rista av nedslaga. Bombardementet gjorde at tyskarane bestemte seg for å byggja flyplassen på Forus, i ly av bakkekammane på Åsen i Sola.

Slik blei tunet på Svanholm jevna med jorda alt i månadsskiftet april-mai for å gi plass til den nye flyplassen.

-Kjellartrappa til huset var lenge eit synleg, men også den gjekk med då grunnarbeidet begynte på det som skulle bli Statoil, nå Equinor, sitt nye hovudkvarter. Men noko nytt hovedkvarter er det ennå ikkje blitt.

Far fekk plassert dyra i fjøset hos slekt og naboar, og fekk fortsatt bruka den delen av garden som ikkje blei flyplass då tyskarane overtok. Faktisk fekk han driva jordene heilt inntil flystripene, og hadde eit greitt forhold til tyskarane. Det er blitt meg fortalt at dei på spøk spurde han om han ville vera med ein tur til England, ein gong det var snakk om eit tokt dit, seier Kjell Vastveit.

Minne frå Forus

Enden på visa blei uansett at Kjell Vastveit og familien enda på Finnøy hos onkelen og tanta si, Johan og Kirsti Hausken, som ikkje hadde barn. Der blei han verande, og fekk seinare overta garden deira.

Foreldra hans vende tilbake til Forus etter krigen, men då norske myndigheter tilbaud dei eit oppgjer for garden og det dei hadde mista, slo dei til.

Dei fekk eit greitt oppgjer, og fekk kapital nok til å kjøpa seg ein ny, stor gard i Østfold. Dit flytta dei med fem av dei seks barna, mens han blei verande igjen på Finnøy.

Kjell Vastveit har teke vare på nokre av minna frå tida på Forus, mellom anna ein kunstferdig laga krokodille. Den kan bukta seg og til og med bita frå seg, viss du trykkjer på ein liten tapp på sida av hovudet.

-Far fekk han av russiske krigsfangar som jobba på Forus. Dei blei elendig behandla av tyskarane, og det var strengt forbudt å hjelpa dei. Men dei hadde ei fast rute, og der blei det lagt ut mat til dei. Som takk la dei igjen denne. Det er ufatteleg korleis dei har fått til å laga han med dei få hjelpemidla dei hadde, seier Kjell Vastveit tankefull, glad over å eiga ein liten del av historia om Forus.