|

Men også det biologiske mangfaldet på dei mange øyane i den nye landbrukskommunen skal styrkast, gjennom heile 70-100% støtte av total kostnad til tiltak.,Også tiltak for å redusera gjødselavrenninga frå veksthus vil bli prioritert for å redusera forurensinga.Her vil tiltak som går på oppsamling, rensing og gjenbruk ha høg prioritet.Det same vil etablering av såkalla renseparkar, eller fangdammar i det tradisjonelle landbruket.,

Også tiltak med å gjenåpne bekker som gjerne har vore lukka og lagt i røyr, vil kunne få heile 70% av kostnad i støtte.

Denne type tiltak har vist seg å ha positiv effekt på det biologiske mangfaldet , og aukar moglegheita for naturleg rensing av næringsstoff og partiklar i bekken.

Kommunen peikar særleg på dei positive erfaringane ein har hatt i form av eit forpliktande samarbeid mellom grunneigar og kommunen når det gjeld skjøtsel og vedlikehald av kulturlandskap og kulturmark som har blitt rydda.Desse skjødselsplanane inneber mellom anna at ein har beitande dyr på områda for igjen å hindra gjengroing , men også for å sikra naturmangfald og moglegheiter for ferdsel og naturopplevingar.

I tidlegare Finnøy og Rennesøy kommune har det vore ei betydeleg satsing på opparbeiding og tilrettelegging av turvegar i det unike kulturlandskapet på desse øyane dei siste 10-20 åra.Hundrevis av såkalla gjerdeklyvarar er sett opp, og ein stor frivillig og offentleg innsats er også gjort for å merka desse turvegane.

Sidan svært mykje av dette arbeidet no er gjort, vil ikkje denne satsinga få så høg prioritet i den nye handlingsplanen for bruken av SMIL- midlane.