Skulepolitikarane i Stavanger, Eirik Faret Sakariassen, Mette Vabø og Nina Ørnes (t.h.) har vore i møte med Finnøy-foreldre.| -Hårreisande, synes Nina Ørnes, om at så mange vil skifta til skule i ein annan kommune.|-Veldig alvorleg, synes Mette Vabø (v)

FINNØY:

Politikarar frå utvalget for oppvekst og utdanning i Stavanger kommune hadde før sommarferien møte med Finnøy-foreldre som har elevar på sjuandetrinnet.,

-Det er ein ganske hårreisande situasjon når så mange flyttar barna sine til ein skule i ein annan kommune. Det er heller ikkje kjekt å vita at dette er ein situasjon som har vart ei stund, seier Høyres Nina Ørnes til Øyposten.

-Hårreisande, synes Nina Ørnes, om at så mange vil skifta til skule i ein annan kommune.

Ho synes det er bra at foreldre står fram og fortel om korleis dei opplever situasjonen ved skulen. Som Øyposten skreiv tidlegare i sommar, kjem rundt ein tredjedel av elevar på sjuande klassetrinn til hausten gå på den kristne skulen på Tau, i staden for på Finnøy sentralskule. Årsaka er at elevane ikkje trivst og føler seg mobba på sentralskulen.

Synd at ikkje betre

-Det er ingen quick fix på dette, men me i Høyre kjem i alle fall til å fylgja med på situasjonen på skulen og korleis problema der blir tatt tak i, lovar Ørnes, som peikar på eit betre samarbeid mellom skulen og foreldra som eit av tiltaka som må gjerast.

-Det er litt synd at det er slik, at situasjonen ikkje er blitt betre sjølv om Finnøy har slått seg saman med Stavanger, seier Høyre-politikaren.

-Veldig alvorleg, synes Mette Vabø (v)

Også Venstres Mette Vabø reagerer sterkt på forholda ved skulen.

-Det er veldig alvorleg og er ein situasjon som har pågått alt for lenge, seier Vabø.

Også ho meiner at samarbeidet skule-foreldre må bli betre.

Opp på første møtet

-Det er åpenbart at det ikkje har fungert. Kanskje bør det også fleire spesialpedagogar inn i skulen, seier Vabø, som også kjem til å be om ein status på første møtet i utvalet i haust om kva tiltak som er sett i verk.

Leiaren i utvalet, Eirik Faret Sakriassen (SV) seier han saman med kommunalt foreldreutval tok initiativet til møtet med foreldrene og FAU straks han fekk høyra om problema ved skulen.

-Dette er noko eg tek på alvor. Frustrasjonen til foreldra kom tydeleg fram, og eg festar lit til det dei sa. Eg har også orientert direktøren for oppvekst og utdanning (Helene Ohm) om det som kom fram på møtet, og ballen ligg nå hos administrasjonen, seier Sakariassen, som seier at det han fekk høyra på møte gjorde inntrykk.

SVs Eirik Faret Sakariassen fekk i stand møtet med foreldra.

-Det var eit veldig tydeleg signal om at skulen ikkje fungerer godt nok, det var alvorlege historiar me fekk fortalt. Det er ikkje slik det skal vera i skulen, og det er også uheldig at dette er ein stuasjon som har pågått over fleire år, slik eg oppfattar det.

Men det er ein kompleks situasjon, og eg har ikkje hatt direkte kontakt med leiinga på skulen, og veit difor ikkje kva tiltak som er sett i verk der, understrekar leiaren i utvalet, som har bedt foreldra gi tilbakemeldingar i  løpet av hausten om korleis skulemiljøet utviklar seg.