Tannklinikken i Vikevåg består inntil vidare
Fylkestannhelsesjefen går inn for at tannklinikken i Vikevåg får bestå så lenge klinikken får halda fram i dei nåverande lokala i det tidlegare kommunehuset i Rennesøy.
RENNESØY:
Tannklinikken i Vikevåg blei foreslått nedlagt i fjor haust, men nå snur fylkestannhelsesjefen.,
I staden blir det anbefalt at tannklinikken får bestå så lenge tilbodet kan få vera i dei eksisterande lokala i det tidlegare kommunehuset i Vikevåg. Det var varsel om oppseiing av leigeavtalen med Stavanger kommune som var noko av bakgrunnen for at tannklinikken blei foreslått nedlagt, og tilbodet flytta til tannklinikken i Randaberg.
Dessutan ønskte fylkestannhelsesjefen å avikla kontor med bare ein tannlege.
Dette førte til sterke protestar både frå Rennesøy og Stavanger kommune. Nå har fylkestannhelsesjefen snudd etter "nye opplysningar" om leigeforholda i kommunehuset.
Difor blir det tilrådd at tannklinikken blir verande i Vikevåg så lenge han får vera i dei nåverande lokala. Men fylkestannhelsesjefen held likevel døra på gløtt for ei flytting og samanslåing med Randaberg.
"Tilbudet ved Rennesøy tannklinikk opprettholdes i eksisterende lokaler. Dersom forutsetningene endrer seg, vil Tannhelse Rogaland vurdere å samlokalisere Rennesøy tannklinikk med Randaberg tannklinikk", heiter det i innstillinga til. styret i Tannhelse Rogaland.