Svein Magnus Håvarstein. Gammel husmannsplass. Norges kunstdatabase, Stavanger kommune

Ja, mine medmenneske, denne historien er svært gamal. Det var den tida då Moses tjente på Jørsta!,

Vel, vel, historien er frå Gudbrandsdalen. Eit ungt par lengre nede i dalen var blitt svært gode vener, eller kjærestepar som det heter. Men dei kunne ikkje leva på bare kjærleik og lykke.

Dei tok turen oppover dalen for å søke lykke og jobb. Ein dag kom dei til ein stor gard, kor dei fekk arbeid. Nils, som gutten heitte, var stor med gode krefter. Anna, som jenta heitte, fekk jobb i geithuset. Ho var god med dyra, som blei glade i Anna. Nils var svært glad i dyrking, og tok opp store ekrer.

Det blei ein husmannsplass

Den gong, som nå, rulla åra vidare. Nils og Anna bestemte at dei ville gifta seg, fekk ein samtale med presten som ordna alt på ein fin måte, slik at dei kunne kalla seg rette ektefolk. Bonden, som likte Nils og arbeidet hans, ville og sjølv bidra. Han held eit lite bryllup for dei to. Men dei trang ein plass å bu. På garden var det husmannsplasser, kor mest alle var opptatt, men to ledige plasser. Alle plassene hadde sine navn, og Nils og Anna kunne velgja mellom «Stølen» og «Hug». Dei synes det var fint på Stølen, god utsikt, men på Hug var det god matjord, god plass til poteter og litt til.

Det blei Hug. Nils gjorde så godt han kunne, men han jobba på storgarden, kor det ofte blei lange dagar. Så når kvelden kom var han heilt kjørt. Slik blei livet, ingen arving etter dei to. Åra gjekk og Nils med dei, han kjente at kreftene minka. Ein kveld han kom heim frå storgarden sette han seg i kubbestolen og sovna inn for godt.

Forskjell på folk

Nils måtte få ei grav på kyrkjegarden. Det blei i det sørvestre hjørnet der alle husmenn låg. Bygda sine gromme folk hadde sine plasser rundt kyrkja og på ein høgde, for dei rekna med at det blei dei som stod opp først på den store dagen. Husmenn måtte kanskje ta kø-lapp, det ville tida vise. Tankegongen var slik i Gudbrandsdalen i dei dagar.

Nå sat Anna igjen på Hug som enka. Ho drog på åra og hadde hatt eit langt arbeidsliv. Ein dag kom bonden sjølv på besøk, og sa dei orda Anna frykta. Ja, Anna, når du ikkje kan arbeida på garden min må du nok flytta. Det forstår eg, sa Anna, men korhen. Det blir ditt problem og ikkje mitt, sa bonden. Du skal få to dagar til å bestemma deg før eg kjem igjen og har lensmannen med meg. Då er det ingen nåde.

Anna fortalte alt ho hadde gjort på storgarden opp gjennom åra. Men bonden høyrte ikkje på, så det var til lita nytte. Bonden gjekk, der stod Anna, tårene rant, dei einaste venene ho hadde var småfuglane som kvitra rundt henne. Ho rusla nedover veien utan mål og meining og tenkte på elva lenger nede. Tok ho turen til elva, slapp ho kanskje å gå heim att.

Kongen kom

Med eitt såg ho eit stort følgje nedi veien. Ho sette seg på ein haug, dette ville ho ha med seg. Det var sjølvaste kong Oscar 2 på tur gjennom Gudbrandsdalen. Då kongen såg Anna kommanderte han full stopp. Kongen ville snakka med sine landsmenn, nå med Anna. Kongen spør om ho har noko å fortelje. Ja, seier Anna, kan eg få lov til å sitja her på hug så lenge eg lever. Då lo kongen godt, ja det skal du få lov til. Anna ba om å få det skriftleg, og kongen fann fram eit flott ark og ga sin tillatelse, med ein god latter, han var i godt humør slik ein fin sommardag.

Kongen dro videre, og Anna rusla heim med kongebrevet, det var ikkje til å tru. Dei to dagane gjekk, og bonden og lensmannen kom på besøk. Nå skulle ho ut. Nå Anna, har du ikkje bestemt deg ennå. Jo, sa Anna, eg skal bu her. Eg har lensmannen med meg, sa bonden. Greit sa Anna, men eg har brev på at eg skal få sitja på Hug så lenge eg lever, og ho viste dei brevet frå kongen. Dei såg på kvarandre, lensmannen fekk ei hosteri og for ut før bonden gjekk etter. Dette var eit hardt slag, tenk kongen kom inn i bildet.

Nokre dagar seinare dro kona på storgarden og nabokona opp for å sjå om Anna. Då dei kom inn i stova, låg Anna i senga med folda hender og lukka auger, med eit fint smil om munnen. Det var det siste av Anna, ho fekk det godt.

Harald