Tekst: Jon Asgaut Flesjå

Dette var den klare bodskapen då det første av til saman tre folkemøter om kommunereforma vart arrangert på Fogn Oppvekstsenter måndag kveld. Ein fullsett møtesal, der både deltakande lokalpolitikarar og folk på grasrota frå desse øysamfunna viste stort engasjement under det to timar lange informasjons- og debattmøte.

- Det har lenge vore slik at hjarta seier at me bør halda fram som eigen kommune, medan hjernen etter kvart har blitt tydelegare og tydelegare på at skal me makta dei lovpålagde oppgåvene og ikkje minst dei oppgåvene som ein kommune også bør arbeida med, så blir det berre vanskelegare og vanskelegare å stå aleine, sa tidlegare ordførar og gruppeleiar for Venstre , Gro Skartveit.

- Når då rådmannen seier at me vil ha ein kommuneøkonomi som i liten grad vil endra seg dei nærmaste åra så kjenner eg meg ikkje heilt igjen som lokalpolitikar dei fem siste åra i ein slik beskriving. For ingen må tru at viktige funksjonar som eksempelvis skulane på øyane og eit godt helse- og omsorgstilbod har større garantiar om me er eigen kommune eller blir ein del av ein større kommune. Difor har desse nabosamtalane som eg som medlem av styringsgruppa har vore delaktig i, overtyda meg om at ein storkommune med Stavanger og Renensøy vil vera det mest framtidsretta. I ein slik kommune vil ein også i større grad kunna sikra å få tilført den nødvendig kompetansen for å løysa dei viktige oppgåvene som kommunane vil stå ovanfor i framtida, meinte Skartveit.

– Me treng ikkje ein storkommune, løysinga er interkommunalt samarbeid, mente han og viste til dei gode erfaringane med eit felles barnevern med Rennesøy og Kvitsøy, og andre interkommunale samarbeidsføretak som PP-tenesta, IVAR osv.

– I tillegg har me alt i dag sett bort enkelte administrative oppgåver skatteinnkrevjinga og så vidare, la Rørtveit til.

- Dersom det ikkje blir eit ja til Stavanger og Rennesøy og ein ny storkommune, så trekkjer eg meg umedelbart som politikar i Finnøy, utbasunerte gruppeleiar i Høgre Trygve Hetland då han som politikar blei utfordra av Mariann Runestad på kva konsekvensar eit nei til kommunesamanslåing ville få for kommunestyret og lokalpolitikken i Finnøy.

– Eg blir både trist og lei meg når eg i samband med mest ein kvar budsjettbehandling dei siste fire-fem åra må kutte i heilt nødvendige tenestetilbod til dei som treng det mest. Ein storkommune med Stavanger har langt større økonomiske musklar til å klare ei slik oppgåve, meinte Hetland.

– Eg kan diverre ikkje sjå at dei nødvendige garantiane til å halda fram med denne ordninga ligg inne, sa Kolbjørnsen.

- Dette var det beste me kunne få til, men me må heller ikkje tru at  me har større garantiar i dag når eksempelvis Hjelmeland er med, sa ordførar Halleland.

– Det er berre eitt år sidan dei ville bryte ut å inngå ein ny avtale med Strand. Rett nok ville ikkje Strand vera med på dette, men det viser berre at her har me ingen garantiar uavhengig av kommunestrukturar, meinte Halleland.

- Min gode sambygding, avdøde Peder Østhus, sa ofte det at øyane i Finnøy var sjølvaste indrefileten i Ryfylke. Det må me bruka for alt det er verdt. Tenk då å få hjelp av storbyen Stavanger til å gjera dette. Det gir spanande perspektiv for både næringsutvikling og bustadetablering. Då trur eg også dei vil gå på barrikadane for oss og kjempa for gode kommunikasjonar som ferje- og hurtigtilbod, meinte Joar Sandanger frå Fogn.

Ordførar Halland avslutta eit svært godt besøkt folkemøte denne fine mai-kvelden, med å oppfordra forsamlinga til å gå til stemmeurnene den 8.juni.

- Det er det som innbyggjarar som skal gi oss folkevalte råd i dette svært så viktige veivalet for kommunen vår, avslutta han.