Julecruise til Judaberg

Litt over klokka 1200 i dag klappa MS «Rogaland» til kai på Judaberg, til tonar frå det nystarta musikkorpset.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY

: Det er mest som ein kan førestilla seg korleis det må ha vore å venta på julebåten som kom frå Amerika til Oslo i gamledager.,

Det var mange som ville vera med til Finnøy, men på grunn av koronarestriksjonar fekk ikkje MS "Rogaland" ta meir enn 50 passasjerar.

Målet med turen er å oppleva god julestemning på Finnøy.

Det er den nye sentrumsforeningen som står i bresjen for opplegget, og som byr på mange forskjellige juleaktiviteter for heile familien. Dei ønskjer å etablera Finnøy som ein juledestinasjon ved å by på opplevingar og aktivitetar som er annleis og unike.

Nytt og annleis

På kaia står ein buss som skal ta byassane på tur på øya. Fyrste stopp er eit besøk hjå sølvsmeden og deretter vidare til Ryfylkekokken og Landahuset. Hjå Eirik Linndal er det blant anna kino i løa og juletrehogst. Dei som ønskjer vel seg ut eit tre, merker det og får det levert ombord på båten før avgang, eller heime i Stavanger.

- Kva får dykk til å reisa til Finnøy i travlaste førjulstria?

- Det er kjekt å gjera noko annleis, komma til ein ny stad og oppleva andre ting. Dessutan kjennes det betre å gå her enn i byen med tanke på korona. Så er det sjølvsagt ein ekstra dimensjon å få reisa med denne flotte båten, smiler Rebecca Nordvang og peikar på «Rogaland.» Sønene hennar Mathias og Magnus gler seg til å oppleva Finnøy, men dei veit ikkje kva som skal bli kjekkast.

På loftet på Kaihuset sitt Alisa Lønningdal og Kjetil Dalaker med sønene Philip og Mathias.

Dei startar finnøy-opphaldet med matpause.

- Det går ikkje an å vera på Finnøy utan å ha gongkake, smiler Dalaker. Neste stopp for familien er juletreskogen på Hauske.

- Me har bestemt oss for å ha med eit fint tre heim, fortel Dalaker.

 

Ikkje heilt på skinner

Inne i blomsterbutikken står det kø framføre kassa. Den vesle butikken er stappfull med sesongens blomar og pynt, og framstår som eit lite juleunivers.

- Skal tru om dei har juletrepynt som ikkje kan knusast? Barnebarna tykkjer det er så spennande med pynten på treet, fortel Grethe Henriksen.

Ved sida står Merethe og Alf Abrahamsen. Dei er litt oppgitte over at dei blei «akterutseilte»  på Hauskegarden.

- Og det gjeld ikkje berre oss. Det var mange som stod igjen då bussen køyrde avgårde føre nasen på oss. Me fekk beskjed om at den skulle venta i 10 minutt. Men då me kom ut nokre minutt seinare såg me den forsvinna. Det hadde gått mindre enn 10 minutt, så det var skuffande. Me kjem til å gi ei tilbakemelding på det. Heldigvis går det ein ny buss om litt, så me får alt med oss likevel, seier Merethe Abrahamsen.

Båten ligg på Finnøy klokka 1500.

Publisert: