"Rygermedic" er på plass utanfor den nye ambulansesentralen på Judaberg.

STAVANGER

: Det er i budsjettet for kommunen neste år, at framtida for legevaktordninga er eit tema.,

Ryfylke legevakt baserer seg på eit båtbasert legevaktsamarbeid som omfattar Finnøy og Rennesøy i tillegg til Hjelmeland og Kvitsøy.

I løpet av dei neste åra vil kommunen vurdera kva løysing for legevaktordninga som er mest hensiktsmessig etter samanslåinga av kommunane Stavanger, Finnøy og Rennesøy. Det skal byggja på erfaringane med dagens ordning, ein gjennomgang av Stavanger legevakt og innbyggjarane sin bruk av legevakttenesta i området.

Arbeidet skal konkludera med korleis den framtidige legevaktordninga i området skal organiserast.

Stavanger, Hjelmeland og Kvitsøy kommunar samarbeidar med Helse Stavanger om felles drift av ambulansebåten. Innan neste år skal fordelinga av utgiftene mellom dei ulike partane vurderast på nytt.