Illustrasjonsbilde.

STAVANGER:

Rundt klokka 12.00 blei det meldt at Forsvaret ikkje vurderte gjenstandene utanfor Stavanger politistasjon som sprengningsfarlege, opplyste Sør-Vest politidistrikt. Bombegruppa frå Oslo blei likevel tilkalt.,

Mistenkelige gjenstander

Området utanfor Stavanger politistasjon blei sperra av for publikum, og stasjonen blei stengt, etter at det skal ha blitt levert nokre "mistenkelige gjenstander" i 09-tida mandag morgon.

Det skriv Stavanger Aftenblad.

Ifølge Aftenbladet skal det vera snakk om gamle granater, noko politiet foreløpig ikkje har bekrefta.

Men mannen som blei tatt hand om av politiet i forbindelse med leveransen, er mistenkt for brot på brann- og eksplosjonsvernlova, ifølge politiadvokat Bjarte Myklebust, jourhavende jurist i Sør-Vest politidistrikt, skriv avisa vidare.

Forsvaret ankom staden rundt klokka 10.30, for å undersøka gjenstandene.

https://twitter.com/politietsorvest/status/1462715427516207104

Ingen evakuering

Politihuset blei ikkje evakuert, men stengt. Området rundt blei også sikra for publikum. Gjenstandene det skal vera snakk om, blei tatt med utanfor bygget.

Det skal ikkje vera grunn til å tru at gjenstandene skulle vera sprengfarlige, men det blei tatt sikringstiltak, opplyser Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding.

[ap_map id="5856" centerlat="58.96323700001042" centerLong="5.735832694420878" markerLat="58.963209384926074" markerLong="5.736192194244893" zoom="16"]