FINNØY: Runestad støttar dermed randabergordførar og Senterpartiet sin representant i samferdselsutvalget i Rogaland Fylkeskommune, Jarle Bø, sin uttale og råd i Øyposten nyleg om ei trinnvis utbygging.,-Det er godt å registrera at Jarle Bø ikkje avviser prosjektet, men forsikrar at Sp vil stå på vidare, konstaterer han.-Men trass i fagre ord og ein godkjent intensjonsavtale opplever me at engasjementet for Øyfast i Stavanger kommune er heller labert. Det er berre dei to lokale "friskusane" Henrik Halleland og Birger Hetland som målber prosjektet i den offentlege debatten. Men to svaler gjer som kjent ingen vår, medgir Runestad.,-Det undrar meg også at Stavanger ikkje går "all in" for å fremja prosjektet, sidan det er Rogaland Fylke som skal prosjektere, finansiere og byggja Øyfast.,

                                                     Liten erfaring med fylkesvegprosjekt

-Kva kan grunnen vera til at dette ikkje er sett på den politiske og administrative dagsorden i Nye Stavanger kommune?

-Eg trur kanskje det kan ha med det faktum å gjera at , stavangerpolitikarane har liten erfaring med å fronta fylkesevegprosjekter, men nå bør dei få augene opp. Stavanger er den kommunen i Rogaland som har flest øyar og innbyggjarar som er avhengig av ferje/hurtigbåtar. Det bør forplikta, meiner Runestad og held fram.

-Kva som er den rette strategien når det gjeld finansiering og trinnvis utbygging kan eg ikkje vita, men for å få fortgang i prosjektet støttar eg randabergordføraren sine tankar om dette.,Om trinn 1 skal gå austover mot Fogn-Fisterøyane-Halsnøy eller mot nord, Helgøy-Nord Hidle-Ombo, får argumenta avgjera. Men ein klar føresetnad må vera at Øyfast blir totalprosjektert før ei slik prioritering blir vedteken, slår Runestad fast.

For lite lokalt engasjement

Nestleiaren i kommunedelsutvalget i Finnøy meiner også at både innbyggjarar og lokalt næringsliv på Fogn og Halsnøy må utvisa eit større engasjement for prosjektet.-Eg trur at ein slik diskusjon om ei trinnvis utbygging vil setta litt meir fyr i denne debatten, og det treng me. Og ein treng heller ikkje vera rakettforskar for å hevda at finansieringa av Øyfast vil bli svært utfordrande. Men å fortsetja inn i all evighet med å betala dyre ferjebillettar og aukande offentleg subsidiering av båttrafikken, er heller ikkje bærekraftig.

,I det perspektivet, og sett utifrå dagens rentenivå og konsept for statlege båtavløysingsmidlar, vil me heller ikkje finna eit betre tidspunkt for å laga ein realistisk finansieringsplan for Øyfast.,Den vidare skjebnen for Øyfast ligg difor hjå kommunestyret i Stavanger. Dei må vera sitt ansvar bevisst å "gunna på" inn mot Fylket før det blir for seint. Me kan ikkje forventa at Rogaland Fylke på eige initiativ skal bera fram Øyfast, avsluttar Runestad, og viser til eit einstemmig kommunestyrevedtak i Finnøy frå 2014 om å arbeida for eit Øyfast. Då basert på rapportar frå både Norconsult og IRIS som begeg konkluderer med at prosjektet er realiserbart.