Forstsatt farleg for mjuke trafikkantar på sterkningen Nådå-Vikekleiva på Finnøy.

FINNØY:

Dette blir på ein måte også bekrefta frå samferdsleavdelinga i Rogaland Fylkeskomune som no har saka.-Det er ikkje så mykje nytt per nå å melda vedrørande sykkelevegen frå Judaberg til Kvame, Men det vil bli gjennomført eit kostnadsoverslag over prosjektet nå i haust, opplyser Per Ove Serheim ved samferdsleavdelinga i fylkeskommunen til Øyposten.,- Etter at kostnadsoverslaget er gjennomført , vil prosjektet bli sendt til behandling i Stortinget for vedtak om bevilgning av bompengar til finansiering , legg Serheim til.,

 Varaordførar,Sunnanå Hausken, er på saka

Nåverande varaordførar i Stavanger kommune, Dagny Sunnanå Hausken, reiste i møte i Kommunalutvalget i går, måndag, fylgjande spørsmål til ordføraren:

Hva er status for reguleringsplan gang/ sykkelsti Judaberg -Lauvsnes, vedtatt i HØP (handlings- og økonomiplan), Rennesøy kommune arbeidet for å få plass trafikksikring over Åmøy bro til Sokn Bomstasjon.SVV(Statens vegvesen) besluttet etter hvert at selv om dette er et lite tiltak så må strekningen reguleres. Hva er status for denne reguleringsplanen., Er det utarbeidet reguleringsplan for gang/sykkelsti Reilstad (Kvame red.merk)-Judaberg som Finnøy kommunestyre vedtok skulle finansierast med bompengar?

Ikkje uventa-kanskje- fekk Sunnanå Hausken til svar at det er fylkeskommunen som no har saka . (Sjå oppdatering ovanfor)

Når det gjeld saka om gang- og sykkelsti Judaberg-Lauvsnes, så vil kommunen starte opp ei mulegheitsstudie no i haust. Dette som eit forprosjekt for å kvalitetssikra ei eventuell gjennomføring.

Vedrørande saka om trafikksikring av Åmøy bru til Sokn bomstasjon, så vil kommunen ta kontakt med Fylkeskommunen for å få ei avklaring om strekninga kan utbetrast utan reguleringsplan. Strekninga er ikkje prioritert i fylket sin handlingsplan for fylkesvegar 2018-21.