Om kort tid skal rundt 1900 personar vaksinerast i Fleirbrukshallen. Foto: Jon Asgaut Flesjå

FINNØY:

-Dette er ikkje noko me gjer med lett hjarta, og er noko me beklagar sterkt. Men me vel å la hensynet til smittevernet vega tyngst, seier styreleiar Arild Flesjå i Fleirbrukshallen til Øyposten.,

Ifølge Flesjå har styret lagt vekt på at det i julehelga er mange tilreisande til Finnøy, og at det difor er tryggast å stengja hallen for å unngå smitte. Stengninga trer i kraft frå onsdag kveld 23. desember klokka 23.00, og han vil vera stengt fram til måndag 4. januar klokka 08.00.

-Hallen blir driven på dugnad, og dette gir oss også mulighet til ein etterlengta juleferie. Dugnadsgjengen har verkeleg stått på for at hallen skulle vera åpen i trygge ramer, seier Flesjå, som håpar at folk har forståelse for tiltaket.

-Me ynskjer alle velkomne tilbake når me åpnar igjen etter nyttår, legg han til.