Torsdag 25. april klokka 20.00 er det avspark for årets sesong i 5. divisjon. Det er ein kamp Anders Eike har grugleda seg til lenge.,- Det er jo kjempeartig med ein slik kamp allereie i første serierunde. Eg kjenner det på meg, smiler han.,- Korleis ser du for deg den kampen?,- Me har spela to treningskampar det siste året, men det er ikkje så mykje å bli klok på. Mastra er eit spelande lag med bra fysikk, mykje fart og løpsstyrke, og dei spelar ikkje så ulikt oss. Me er nødt til å vinna midtbanen om det skal bli tre poeng.,

■■Det har vore ein normal treningsvinter for Finnøy. Stallen er større enn i fjor og det er tøffere kamp om plassene. Her er vurderinga til kaptein Eike:

Defensivt: - Det har skurra litt i treningskampane. Me har skifta mykje på oppstillinga og har gjort ein del personlege feil, spesielt når me spelar oss ut bakfrå.,Offensivt: - Me har mange gode spelarar å velga mellom framover på banen, så dette er nok vår styrke som lag. Me har fart og kontringskraft.,Treningskampane: - Ikkje så bra resultat, men slik var det også i fjor. Dei siste 45 minutta mot Nedstrand (3-1) er det beste me har prestert.

■■Høgt press var eit viktig element i spelet til Finnøy i fjorårssesongen som ende med opprykk frå 6. divisjon, og skal vera det i år også.

- Systemet betyr at alle må vite kva dei skal gjera heile tida, så det er krevjande - men ein artig måte å spela på. Me såg i fjor år at når det fungerer så spelar me godt sjølv mot dei aller beste laga. Spesielt er det viktig at me kommuniserer godt i denne fasen av spelet og der er me nokon som må ta eit ekstra ansvar, seier kapteinen.,- Kva tenker du om sesongen?,- Ein plass midt på tabellen er bra, men punkt 1 er å halde oss i 5. divisjon. Framleis går me ut for å vinna kvar kamp og ha det kjekt.,- Og opningskampen?,- 3-2 til oss.

■TERMINLISTE FINNØY

25.04 Mastra-Finnøy,02.05 Finnøy -Stavanger,09.05 Tasta -Finnøy,15.05 Finnøy -Buøy,24.05 Vardeneset 2-Finnøy,27.05 Finnøy -Bogafjell,03.06 Randaberg 2-Finnøy,13.06 Finnøy -Havørn,20.06 Jarl -Finnøy,30.06 Finnøy -Kvitsøy,26.08 Madla 2-Finnøy,31.08 Finnøy -Mastra,05.09 Stavanger -Finnøy,12.09 Finnøy -Tasta,19.09 Buøy-Finnøy,30.09 Finnøy -Vardeneset 2,04.10 Bogafjell-Finnøy,14.10 Finnøy -Randaberg 2,17.10 Havørn -Finnøy,27.10 Finnøy -Jarl,03.11 Kvitsøy -Finnøy,09.11 Finnøy -Madla 2

■TERMINLISTE MASTRA

25.04 Mastra-Finnøy,07.05 Randaberg 2-Mastra,09.05 Mastra-Stavanger,20.05 Havørn -Mastra,23.05 Mastra-Tasta,27.05 Jarl -Mastra,06.06 Mastra-Buøy,15.06 Kvitsøy -Mastra,19.06 Mastra-Vardeneset2,24.06 Mastra-Madla 2,23.08 Bogafjell-Mastra,31.08 Finnøy-Mastra,05.09 Mastra-Randaberg 2,12.09 Stavanger -Mastra,19.09 Mastra-Havørn,26.09 Tasta -Mastra,03.10 Mastra-Jarl,10.10 Buøy-Mastra,17.10 Mastra-Kvitsøy,28.10 Vardeneset 2-Mastra,04.11 Madla 2-Mastra,09.11 Mastra-Bogafjell