Sjaluppen "Restauration" under fulle segl.

Kommunedirektøren i Stavanger meiner difor at Stavanger kommune ikkje bør engasjera seg for å ta vare på skuta, som nå er lagt ut for salg. Det var Ap-politikar Terje Rønnevik som reiste spørsmålet om Stavanger kommune hadde mulighet til å sikra at båten blir verande i Rogaland.,

Men kommunedirektøren vurderer at det nå ikkje er grunnlag for dette, då det er betydelege kostnader knytta til drift og vedlikehald av skuta, og uavklart kva aktørar i fylket som ønskjer å bidra inn i eit samarbeid.

-Det er kulturstyret i Stavanger enige i. Stavanger kommune bør ikkje involvera seg i "Restauration", det er trass alt ein replika, seier Bjarne Kvadsheim (sp), nestleiar i kulturstyret til Øyposten.

«Restauration» er ein replika av skuta som reiste til Amerika frå Vågen med dei første utvandrarane i 1825. Skuta blei lagt ut for salg av eigaren i 2018. Kultursjefen har vore i dialog med interessenter knytta til «Restauration» med det formål å undersøkja om Stavanger kommune kan koordinare eller vera del av eit samarbeid for å behalda «Restauration» i Rogaland.

Skuta er ikkje eit kulturhistorisk fartøy, men har en verdi som eit objekt som levandegjer Rogalands og landets migrasjonshistorie, meiner kommunedirektøren.

-Den formidlar historia om den første av ei bølge på nesten ein million nordmenn som reiste til Amerika over ein hundreårsperiode.

-2025 er året for 200-årsmarkeringa for dei første utvandrarane som drog frå Stavanger i 1825. Markeringa gjer bruken av Restauration og historia den fortel meir aktuell, og det er naturleg å sjå for seg at skuta kan ha ei rolle i 200-årsmarkeringen, heioter det vidare.

Sluppen blei bygd på Ryfylke Trebåtbyggeri i Finnøy etter initiativ frå Stiftelsen Emigrantskipet Restauration.