Frode Myrhol, leiar for Utvalet for By- og samfunnsutvikling.|

-At desse bydelsutvala eller kommunedelsutval skal ha eit utvida mandat og ein eigen innstillingsrett i enkelte saker,er direkte forskjellsbehandling.Og me kan ikkje la det bli slik at desse to utval blir som ein eigen « kommune i kommunen», tordna Frank Myrhol frå partiet «Folkeaksjonen nei til bompengar»frå talarstolen.,

-Og dette er i kommunar der folk har null eller liten tillit til administrasjonen i dei to kommunane.Og i tillegg risikere me at det blir valt inn all slags type tilfeldige personar som ikkje står på ei einaste valgliste til kommunevalet.Det er alt anna enn det eg vil kalla demokrati.Og er det då ikkje mykje betre at me heller gir fullmakt til ein profesjonell administrasjon som kan behandla sakene på ein objektiv måte der også habiliteten er på plass, understreka Myrhol.

Det fekk den eine representanten etter den andre til å hoppa litt i stolen og retta to fingrane i været for å ta replikk.Ein etter ein gjekk både Per A.Thorbjørnsen, Bjarne Kvassheim, Dagny Sunnanå Hausken og Henrik Halleland på talarstolen å ba Myrhol om å trekkja sin karakteristikk av administrasjonen i Finnøy og Rennesøy tilbake. Det same gjorde ordførar i Stavanger og leiar i Fellesnemda, Christine Sagen Helgø - utan at Myrhol viste noko form for anger.

Likevel vedtok Fellesnemda,med 28 mot 5 stemmer,å gi dei to nye kommunedelsutvala eit nytt og utvida mandat i forhold til dagens bydelsutval i Stavanger slik me kjenner dei.