Finnøyordførar Henrik Halleland trakk det lengste strået etter kampvotering med noverande leiar i Nye Stavanger Kr.F,Inge Takle Mæstad, og blir partiet sin førstekandidat til kommunevalet i haust. Då stemmesetlane etter det til tider dramatiske nominasjonsmøte var talt opp, viste det seg at Finnøy-ordføraren fekk 57 stemmer, medan Mæstad berre fekk 26.,

Nominasjonskampen blei eigentleg ein kamp mellom den blå og raude sida i partiet, slik den har framtona seg i heile den mykje omtala regjeringsprosessen internt i partiet utover hausten, der Takle Mæstad tilhøyrer den raude sida, medan Halleland representerte den blå sida.

Til NRK, Rogaland, uttalar den ferske ordførarkandidaten til Stavanger Kr,F, at hans største oppgåve no blir å samla den blå og rude sida i partiet, og at partiet no kan konsentrera seg om å driva sin eigen gule politikk, basert på det partiprogrammet dei går til val på.