Og gjestene har tydeleg vist å setja pris på det den dyktige og velrennomerte kokken og medarbeidarane hans, har hatt å tilby. -Me har i gjennomsnitt hatt over 100 besøkjande per dag no i juli, slår ein svært tilfreds eigar ,Mette Solland fast,då  Øyposten er innom på ein snarvisitt fredag føremiddag.Mest også for å smaka på den velrennomerte fiskesuppa, som er blitt eit populært innslag på menyen og svært så attraktivt å nyte under parasollane nede på kaikanten.-Og her i Aubøsund og Ramsvig har det jo også vore skikkeleg sommar i HEILE juli, påstår Mette og ber om å bli trudd på  det.Ja,faktisk har me berre hatt tre dagar me regn,og så ligg me også så unikt til her inne, i ly av både vestavinden og nordavinden,smiler Mette og gir seg i kast med å filetere å kutte opp ein ny  torskefilet som skal ta plass i suppetallerken til spisegjestene utover ettermiddagen.Truleg over 100 også denne uvanleg flotte og varme fredagen i slutten av juli.