Daniel Vignes kunne ta i bruk det nye fjøset på Hauskje før jul.

Den 2. mai i år vart spaden sett i jorda til det som skulle bli det nye storfjøset til 33 år gamle Daniel Vignes, øvst på Hauske på Judaberg. I går, tysdag, berre vel 7 månader etterpå, vart eit trettitals kyr flytta inn og mjølka med dei robotstyrte, fullautomatiserte mjølkemaskinane.,

-Der har ikkje mykje «mjølk i bøtta» det første døgeret, smiler Daniel, i det han byr på både marsipankake og kaffi oppe i «daglegstova» og overvakingsavdelinga i det flotte og lyse storfjøset på sjølve opningsdagen. For slike store hendingar må sjølvsagt markerast på det tradisjonsrike mjølkebruket. -Det er jo slik at når kyrne skal tilpassa seg ein heilt ny kvardag, og det ikkje er bonden sjølv som skal stå for mjølkinga, ja så tek det si tid før dyra heilt vil tilpassa seg den nye robotkvardagen. Difor held kyrne mjølka igjen, så det blei fattige 75 liter på den første mjølkinga, fortel Daniel.

,Men i løpet  av 1-2 veker så reknar han med at alt er tilbake til det normale, og at dyra har tilpassa seg den nye kvardagen.,I

nvestering på litt under 8 millionar kroner

Når heile det nye storfjøset står ferdig, reknar Daniel med at det vil ha kosta frå 7,5-8 millionar kroner.

-Eg har vore heldig og fått 2 millionar i støtte frå Innovasjon Norge. Utan det tilskotet ville nok ikkje gått i hop økonomisk, seier han. I dag har han ein kvote på 250 000 liter mjølk, som med det nye kvoteregleverket for 2020 må reduserast med to prosent. Nokre år fram i tid håpar Daniel at han skal fylle opp heile fjøset med dei 55 kyrne som det er kapasitet til, og at det skal vera mogeleg å auka kvoten tilsvarande.

Frå 1. januar tek også Daniel over garden etter mor Jorunn, som saman med far Arve har drive mjølkebruket fram til i dag. Likevel vil forelda halda fram med å ha det daglege ansvaret for drifta, medan Daniel held fram i jobben som salssjef for kraftfôr i Felleskjøpet Rogaland og Agder.

- Det er viktig for å få dette til å gå greitt økonomisk dei første åra, seier Daniel, som også trur at ting vil «gå seg til» over tid ,å  stabilisera seg i ein noko utfordrande mjølkemarknad slik marknaden ser ut i dag.