Leiar i Finnøy Bondelag, Erik Haraldseid Bleie, trur tilbodet frå staten er eit godt grunnlag for forhandlingar. Foto: Arkiv

RENNESØY/FINNØY:

Dermed er differansen mellom regjeringa sitt tilbod og bøndene sitt krav 1,35 milliardar kroner. Eit tilbod som er høgare enn mange frykta.,

- Er du fornøgd no?

- Ja, det dette byrjar likna noko. Pengesummen er stor, og det er alltid eit godt utgangspunkt. Det er ikkje klart korleis fordelinga av pengane blir ennå, det kan slå ut begge vegar for oss her i området. Men, ja, dette var betre enn venta. Dette måtte eigentleg bli såpass også for at regjeringa ikkje heilt skulle tapa ansikt. No gjenstår det å sjå kva som skjer når partane sett seg til forhandlingsbordet. Eg regisserer at bondelaget ikkje er heilt nøgde, men eg har ikkje rekt å lesa meg opp ennå.

- Er det grunn til å gå i banken og be om vidare samarbeid?

- Ja, me satse på eit år til, seier leiar i bondelaget i Rennesøy, Guttorm Gudmestad.

Kollega i Finnøy, Erik Haraldseid Bleie, er også positiv overraska over tilbodet frå staten.

- Eg hadde ikkje venta at det blei såpass. 11.5 milliardarer eit godt utgangspunkt for å gå i forhandlingar med staten. Eg føler styresmaktene har komme oss i møte, og forstår bøndene sin situasjon. Me veit ikkje ennå korleis resultatet blir til slutt og korleis det vil slå ut for det enkelte bruk. Men eg tenker det er grunn til å vera positive, seier bondelagsleiaren i Finnøy.