Stavanger vil forskuttere gangveg

Stavanger kommune er villig til å forskuttere dei nødvendige pengane som skal til for at gang- og sykkelvegen frå Judaberg til Nådå blir bygd. 

Trongt om plassen for mjuke trafikkantar i Vikekleiva. Men nå kan det skje noko her.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

Av Rune Nedrebø,

STAVANGER: Det er fungerande ordførar Dagny Sunnanå Hausken som stadfestar dette overfor Øyposten.

Det er tidlegare kjent at det er betalt inn 20 millionar kroner for mykje i bompengar i Finnfast, som kan brukast på trafikktiltak på Finnøy. Planen er å bruka desse til bygging av den trafikkfarlege gang- og sykkelvegen på Finnøy.

Men dette er ikkje nok til å fullfinansiera bygginga. Prosjektet er kostnadsrekna til 35 millionar kroner, og nå signaliserer Stavanger at kommunen er villig til å leggja ut det resterande beløpet, mot å få pengane igjen frå fylket seinare.

-Me må ha ein diskusjon med fylket om dette, for å sikra oss at Stavanger får igjen pengane som me nå er villige til å leggja ut, seier Sunnanå Hausken til Øyposten.

Dei same signala kom også frå fungerande gruppeleiar Bjarne Kvadsheim (sp) då han nyeleg var på besøk på Finnøy.

-Dette er ein av dei mest trafikkfarlege strekningane i byen. Det er ingen andre strekningar som ha så mykje tungtrafikk, og kor det ferdast syklande og gåande utan at det er bygd gang- og sykkelveg, seier Kvadsheim, som legg til at Sp vil bruka anledningen mens partiet har ordføraren til å få banka bygging av sykkelvegen på Finnøy gjennom.

Forslaget om å forskuttera kjem i kommunens tertialrapport i juni.

Ifølge Dagny Sunnanå Hausken vil det der også bli foreslått å utreda om det er mulig å kombinera bygging av gang- og sykkelveg med legging av den planlagde kraftforbindelsen over Finnøy i kabel i same traséen.

Publisert: