Venteromet på Fiskepiren blir stengd for reisande

Kolumbus har gitt beskjed om at venteromet på Fiskepiren blir stengd for reisande frå og med 16. august.

Venteromet på Fiskepiren blir stengd for reisande frå midten av august.
  • Rune Nedrebø
Publisert:

STAVANGER: Venteromet skal byggjast om til konsertlokale, og i den forbindelse blir det stengd for reisande.

«Fra og med 16.august vil Fiskepiren være stengt for de reisende.

Det vil straks komme opp informasjon om dette på bygget samt muligens også andre medier.

Etter ombyggingsperioden vil det komme et lite venterom i spissen på enden, men dette er langt frem i tid, så frem til da vil det ikke være noe venteområde inne for de reisende med ferge eller hurtigbåt fra Fiskepiren», heiter det i meldinga frå Kolumbus.

Dagleg leiar i Rødne, Lars Andre Rødne, reagerer på at det ikkje skal vera mulig for reisande å venta på båten innandørs.

-Det burde vera mulig å reservera eit lite område for dei reisande, slik at dei slepp å stå ute i all slags vêr. Det kan vera både kaldt og surt på Fiskepiren, spesielt om hausten og vinteren, og då bør det vera mulig å få venta innandørs og eventuelt gå på toalettet. Såpass respekt for dei reisande til og frå Ryfylke bør det vera mulig å yta, meiner Rødne.

Adminisrerande direktør i Kolumbus, Edith Kristin Nøkling, seier at ombygginga vil pågå til påsketider neste år.

-I den perioden vil det ikkje vera venterom for dei reisande frå Fiskepiren. Me har vurdert ulike alternativ, men kome fram til at det meste hensiktsmessige var å stengja venteromet.

-Kva med ei brakke for dei reisande?

-Me har også vurdert det, men det handlar om ressursbruk. Ei brakke må ha tilsyn i åpningstida for å kunna fungera. Me håpar dei reisande har forståelse for dette, seier Nøkling.

  1. Ryfylke