Sørbøbekken på Rennesøy er blitt ei perle

Sørbøbekken på Rennesøy er blitt renska opp og fått gytegrus i botnen, tersklar med elvestein og steinsetting langs kanten. Det skal gi gode forhold for auren i bekken.

Sørbøbekken etter oppfiksinga. Det er funne både ål og aure i bekken.
Publisert:

RENNESØY: Grunneigar Geir Sørbø er begeistra for innsatsen som mellom anna Norsk Jeger- og Fiskeforening i Rogaland (NJJF Rogaland) står bak.

-Det er blitt veldig fint seier han, og berømmer foreninga for måten dei har tatt kontakt med han på, som grunneigar langs bekken.

-Dei har gått fint og audmjukt fram, både dei og Stavanger kommune. Det er me ikkje vane med frå Rennesøy kommune si tid, kanskje var det bra, trass alt, at Rennesøy blei med i Stavanger, seier Sørbø til Øyposten.

Spleiselag

Christian Irgens frå Rådgivende Biologer i Bergen (t.v.) og Knut Ståle Eriksen frå Norsk jeger- og fiskeforbund i Rogaland i gang med arbeidet i bekken.

Det er eit spleiselag mellom kommunen, fylket og frivillig innsats frå jeger- og fiskeforeningen som står bak oppryddinga i bekken. Den var ganske tilgrodd før arbeidet blei sett i gang.

Nå framstår han som reine idyllen. Og kva betre er; det er aure i han. Kartlegginga i 2020, gjort av konsulentselskapet Rådgivende Biologer i Bergen, fann mykje aure i bekken.

-Bekken blei undersøkt med elktrofiske, som bedøver fisken med straum. Det blei funne eit 20-tals aurar og rundt 10 ål, opplyser Knut Ståle Eriksen i NJJF Rogaland.

-Dettte skal gi betre forhold for sjøauren i Boknafjorden, seier Knut Ståle Eriksen i NJJF Rogaland.

Ein del av sjøaureprosjektet

Det gjenstår fortsatt litt arbeid i bekken, som han anslår har kosta rundt eit par hundre tusen kroner. Mellom anna er det utfordring med eit gjerde ved sjøen som kan hindra sjøaure å gå opp i bekken. Dessutan skal det plantast lokale tresortar langs den eine sida av bekken, for å halda jorda og lausmasse på plass. Det er snakk om svartor, selje, eik og bjørk.

Prosjektet er ein del av sjøaureprosjektet, som er eit omfattande samarbeidsprosjekt mellom ildsjeler, frivillige, fylkeskommune, statsforvaltar og kommunar. Prosjektet blei heidra med fylket sin miljøvernpris i fjor.

Frå arbeidet med å renska opp i bekken.

Vil undersøkja bekker i Finnøy og Rennesøy

Prosjektet går ut på å kartleggja sjøaurebekkar, planlegge tiltak, sikra finansiering og gjennomføra tiltak i bekker og mindre vassdrag for å gjenopprette biotopar og gjennomføre tiltak for sjøauren.

-Sjøauren er ein kritisk bestand i området, men dette skal det gjera det betre for han, seier Eriksen.

Planen er å undersøkja tilstaden for fleire sjøaurebekker i både Finnøy og Rennesøy. I tillegg til Sørbøbekken er det også planar om tiltak i bekken i Eltarvåg.

Totalt i Rogaland reknar Eriksen med at det er minst 800 bekker som drenerer til sjø i fylket og omlag halvparten av dei kor sjøauren kan gå opp. Men kartlegginga pågår fortsatt.