Dagny Sunnanå Hausken (til venstre) rykker opp og blir ordfører i Kari Nessa Nordtuns permisjon.

STAVANGER: Ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) har foreldrepermisjon frå 28. mars til 16. september. Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken (Sp) rykker opp som ordførar under permisjonen.,

- Dagny er ein dreven politikar med lang erfaring som ordførar i Rennesøy kommune. Eg er trygg på at ho vil vera ein stødig møteleiar i kommunestyret, formannskapet og kommunalutvalet i desse månadane. Ho vil representera Stavanger på ein utmerka måte, seier Kari Nessa Nordtun.

Dag Mossige (Ap) er mellombels vald som varaordførar mens ordføraren trer ut av vervet.

Dagny Sunnanå Hausken er frå Mosterøy og skjøtta i mange år ordførarvervet i Rennesøy i tillegg til å vera saue- og potetbonde. Gardsdrifta har ho nå overlatt til sonen, men ho og mannen bur fortsatt på garden kor ho vaks opp.

Men sjølv om ho har erfaring som ordførar frå Rennesøy med snautt 5000 innbyggjarar, blir det noko heilt anna å overta styringa av Norges fjerde største kommune med 140.000 innbyggjarar.

Varaordføraren innrømmer at ho «grugledar» seg litt til det skal skje, men trøystar seg med at det er mange flinke folk i adminstrasjonen som står klar til å hjelpa til.

-Eg reknar også med at Dag (Mossige red. anm) blir varaordførar, då skal me verkeleg snu opp ned på kommunen, ler den påtroppande ordføraren.

At Senterpartiet skulle koma til å sitja i ordførarstolen i Stavanger, har inntil nå vore ganske fjernt for mange, også for Dagny Sunnanå Hausken.

Men ho trur og håpar at Senterpartiet i posisjon har klart å tilføra det politiske miljøet i Stavanger nokre nye idear.

-Jordvern til dømes. Det er trist den nedbygginga av dyrka jord som har skjedd på Madla og Sunde. Med Finnøy og Rennesøy med på laget har Stavanger dessutan blir ein øy- og distriktskommune,  som også er hjertesaker for vårt parti, seier Dagny Sunnanå Hausken til Øyposten.