Område med kapasitetsproblem i straumnettet dei neste åra (markert med raudt) og gartneria i fylket (grøne prikkar). |Gartneri treng straum.||Område med kapasitetsproblem i straumnettet dei neste åra (markert med raudt) og gartneria i fylket (grøne prikkar).

STAVANGER:

På Finnøy, Fogn, Talje, Rennesøy og til dels i Randaberg, er kapasiteten i straumnettet nå sprengt, heiter det frå Statsforvalteren.,

"Fleire gartnarar på øyane har måtte leggja planar om å byggja ut eller innstallera lys på is etter å ha fått nei til å auka straumforbruket. Betre kapasitet i området er under planlegging, men Lyse Elnett melder at dette tidlegast er på plass i 2026.

Gartneri treng straum.

Òg på Vik i Klepp kommune meldar straumselskapet at begrensa kapasitet i straumnettet gjer at det ikkje vil vera straum nok til all ønskja utbygging og utvikling dei neste åra. Også her skal kapasiteten betrast, men det vil ta nokre år før det er på plass.

Straum – alternativet til fornybar energi for dei fleste

Om lag to tredjedelar av gartneria i fylket ligg i område der det er kapasitetsproblem i straumnettet dei neste åra. Dette kan stoppa planar om utbygging og planar om å installera lys i eksisterande bygningsmasse. Det vanskeleggjer òg omlegging frå bruk av fossile energikjelder til straum. I NIBIO sin rapport frå 2020 om moglegheitar for klimagassreduksjon i veksthusnæringa, blir straum trekt fram som det mest realistiske fornybare alternativet til energikjelde i veksthus som i dag nyttar gass eller propan."