Abid Raja bergtok tilhøyrarane

Etter foredraget på biblioteket sto køen av folk som villa sikra seg eit signert eksemplar av Abid Raja si bok Min Skyld, langt opp i trappa.

Det var mange som ville ha eit signert eksemplar av boka til Abid Raja. |Abid Raja i samtale med Stine Honorè frå Sølvberget i Stavanger.|Fullt hus i den gamle kommunestyresalen under foredraget i går.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY:

I går var tidlegare kulturminister Abid Raja på biblioteket på Finnøy og snakka om boka si Min skyld - En historie om frigjøring. Boka har fått knallkritikk og blei den mest selde i fjor. Han vann Bokhandlarprisen 2021.,

Det er mange som vil høyra livshistoria til Raja. Kvar stol i den gamle kommunestyresalen er full av tilårskomne tilhøyrarar. Han blir intervjua av Stine Honorè som er leiar for Kiellandsenteret på Sølvberget.

Mishandling

Me får høyra om ein særs vond barndom. Om ein brutal far som forrakta og håna han verbalt. Om ein far som dreiv med fysisk mishandling og psykisk terror mot han aller mest, men også mot mora og dei andre søskena.

 Abid Raja i samtale med Stine Honorè frå Sølvberget i Stavanger.

Raja deler ikkje berre historia om omsorgssvikt og mishandling. Han deler og intime detaljar om ein sjukdom mange av oss nok helst ikkje ville ha snakka om. Raja er fødd med ein sjukdom i endetarmen som ga han alvorlege problem som han plagdes med langt opp i ungdommen.

I ein snau time fekk me god innsikt i hans lange kamp for å overleva, for kjærleiken til kona Nadia og den vonde frigjeringa frå skam, skuld og utanforskap.

- Eg var svært bekymra for at det vart for mykje og for utleverande, men det verka ikkje slik. Ein dag fekk eg eit handskrive kort frå ei 92 år gammal dame frå Bærum. Ho fortelte at hennar historie ikkje var den same som min, men at ho kjente seg godt igjen. Folk seier at sjølv om dei ikkje har opplevd det eg har, kjenner dei likevel på noko av det same.

Forlate av foreldra

Då Abid Raja skreiv boka grov han djupt og mørke ting frå barndommen som han ikkje visste om, dukka opp.

- Eg hadde ikkje lest pasientjournalen min og visste ikkje at eg blei forlate på sjukehuset som nyfødt og blei teke vare på av dei tilsette. Det gjekk fleire månadar før foreldra mine kom for å henta meg.

Då Honorè spurte kvifor han ville bli forfattar, svara Raja:

- Det er tre grunnar til det: Den første er er at eg vil anerkjenna alle oppdragarane mine, heile apparatet som har stått rundt meg, og som fekk meg på føtene. Det andre er at er å skapa håp om at eg kunne bli kvitt noko av skulda og skamma eg ber på, og såleis klara leva eit friare liv. Og til slutt ville eg visa at det går an å «få det til». At håpet kan vinna over det vonde, og inspirera til positiv framgang.

 Fullt hus i den gamle kommunestyresalen under foredraget i går.

Publisert: