Naustet blei ganske knust etter besøket av ferja "Ombo".|Uhellet skjedde i innløpet til ferjekaien, og ramponerete det kvite naustet på biletet.|Naustet blei ganske knust etter besøket av ferja "Ombo".|Ferja "Ombo" ved kai på Judaberg.|Det var personlege feil som gjorde at "Ombo" raste inn i eit naust på Fogn sist veke.|

FOGN: Uhellet skjedde ved innløpet til ferjekaien i ett-tida torsdag. Helge Hansen sat på terrassen på hytta  i finvêret og ana fred og ingen fare då han fekk ferja på besøk i naustet.,

Ferja "Ombo" var på jomfrutur i Ryfylke i dag. Her går ho inntil kai på Judaberg rett før uhellet. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Det small ganske godt, eg stokk som bare det, fortel Hansen til Øyposten.

-Ferja såg ut til å koma fint inntil kaien, men plusteleg gjekk ho bånn gass i revers og rett i naustet.

Hansen har gitt frå seg hytta til sonen, og var nå innen for å jobba og kosa seg på øya då uhellet skjedde.

Etter uhellet blei ferja liggjande i ro utpå ei stund, før ho sette kursen mot byen.

-Naustet blei flytta eit par meter. Hadde det ikkje vore bergvegg der, ville det blitt trykt flatt. Det er ganske ramponert, opplyser Hansen.

Uhellet skjedde i innløpet til ferjekaien, og ramponerte det kvite naustet på biletet. Foto: FOTO: Bente Langeland

-Var det mykje verdifullt inni?

-Eg har ikkje rørt noko der, men ventar på forsikringsselskapet. Det ser ut til at det har gått ut over fiskeutstyr og eit batteri. Korleis det gjekk med båten som og låg lagra der, veit eg ikkje. Sonen min har vore i konbtakt med Norled, og dei har lova å ordna opp, seier Helge Hansen.

"Ombo" kom frå verftet i Ølen i går, og var på testtur i Finnøysambandet då uhellet skjedde. Planen var at ferja skulle prøva ut anløp av kaiane før ho skulle inn i ordinær trafikk over helga. Det var dermed ikkje passasjerar med ferja.

Kommunikasjonssjef Cathrine Gjersten i Norled beklagar sterkt det som skjedde.

-Det var vel ein kjedeleg start på jomfruturen i området dette?

-Ja, det er veldig beklageleg, men heldigvis blei det ingen personskader, seier Gjertsen.

-Kva var årsaken til uhellet?

-Me testkjører ferja og har opplæring av nytt personell, og i den forbindelse kom baugen til ferja borti naustet. Det beklagar me sterkt, og har vore i kontakt med eigaren for å ordna opp, seier Gjertsen.

"Ombo" skal ikkje ha fått særlege skader etter kollisjonen med naustet.

-Kjem ho i drift over helga som planlaget?

-Det håpar me, seier Cathrine Gjertsen.

-Vil det bli sjøforklaring etter hendinga?

-Me har kontakta Sjøfartsdirektoratet som kjem til Stavanger i dag, me får venta og høyra kva dei seier, seier ho.