STAVANGER: – Av erfaring frå sist søknadsrunde i sommar visste me det ville vera stor interesse, men 1100 søknadar på tre timar, det er mykje ja, spesielt når ikkje fristen går ut før 25. oktober, seier rådgjevar i klima og miljøavdelinga, Gabiele Brennhaugen.

Kommunen har løyva 10 millionar kroner til dette prosjektet.

– Dette kan fort bli vanvitig mange søkarar?

-Ja, denne gongen er det kkje først-til-mølla-prinsippet som gjeld. Bustadeigarar i kommunen som ikkje fekk innvilga støtte i førre runde kan søka heilt til tidsfristen går ut om tre veker. Blir det fleire søkarar enn det er avsett midlar til, blir det avgjort med loddtrekking kven som får støtte. ,

Sist runde med kommunal støtte til varmepumper var i sommar. Då var det mogleg å søka til det var kome det inn 1650 søknadar totalt, og alle desse fekk tilsagn om støtte. Også då var det sett av 10 millionar kroner.

30 millionar i sponsing

Seinare i år skal kommunen føreta ein tredje runde med sponsing av varmepumper.

– Det stemmer. Den førre runden og den som er i gong no, er begge allmenne ordningar, som alle kan søka på. Men den som er planlagt seinare i haust er ei øyremerka ordning, kor søkarane vil bli behandla individuelt. Politikarane i Utval for miljø og utbygging vedtok i september at innbyggjarar med låg inntekt skal kunne søka frå ein eigen pott, og no er velferd- og sosialavdelinga i gang med å laga eit system for det.

Det betyr at kommunen til saman brukar 30 millionar kroner på ordninga.

– Varmepumper er eit godt miljøtiltak, fordi dei effektivt reduserer straumforbruket. Straum er ein verdifull ressurs som må brukast smart og nøysamt, difor er dette ein god idé, avsluttar Gabiele Brennhaugen.

Det blir ei tredje runde

Sist runde med kommunal støtte til varmepumper var i sommar. Då kom det inn 1650 søknadar totalt. Også då var det sett av 10 millionar kroner.

Seinare i år skal kommunen føreta ein tredje runde med sponsing av varmepumper.

– Det stemmer. Dei to føregåande rundane er allmenne ordningar, det vil sei alle kan søka, men den som er planlagt i haust er ei øyremerka ordning kor søkarane vil bli behandla individuelt.

Det betyr at kommunen brukar totalt 30 millionar kroner på prosjektet.