Dette er datoane for konfirmasjonar i Finnøy neste år
Er du født i 2009 og skal konfirmerast neste år? Nedanfor finn du konfirmasjonsdatoane i Finnøy 2024.
- Oddbjørg Måland
Konfirmantopplegget varierer litt frå år til år. I forkant av konfirmasjonundervisninga blir det kvar vår, arrangert eit foreldremøte der neste års datoar og konfirmasjonsopplegg blir planlagt.
Som prinsipp har Hesby kyrkje alltid konfirmasjon første helg i mai, laurdag og sundag. Det året 1. mai er på ein sundag blir det 30. april og 1. mai. For dei andre øyane varierar det mellom same helg, helga før eller helga etter. På årtes forldremøte som var onsdag 24.mai blei følgjande konfirmasjondatoar fastsett:
Konfirmasjonsdatoar i Finnøy våren 2024
Laurdag 27. april Fogn
Laurdag 27. april Jørstad
Sundag 28. april Talgje
Laurdag 4. mai Sjernarøy
Laurdag 4. mai Hesby
Sundag 5. mai Hesby
Påmelding til konfirmasjon 2024, starter 26.mai via finnoykyrkja.no
På kyrkja.com ligg det til ei kvar tid oppdatert informasjon. Sjekk og facebook Konfirmasjon i Finnøy.