Så mange dødsulykker har det vore i Byfjordtunnelen
Sidan opninga av Rennfast i 1992 har ni personar mista livet i trafikkulykker i Byfjordtunnelen.
Onsdag morgon døde to menn i 60-åra etter ein front-mot-front-kollisjon i Byfjordtunnelen. Politiet arbeider for fullt med å finne årsaka til ulykka.
Nettavisa Randaberg24 har gått gjennom kva som har vore av alvorlege ulykker i Byfjordtunnelen etter at Rennfast opna i 1992.
Dette er kva Randaberg24 har funne ut:
- Mars 2000: Tre personar i alderen 17 til 20 år omkom då bilen dei sat i køyrde inn i tunnelveggen.
- Den 4. mars 2007: Ein 28 år gammal mann frå Stavanger omkom etter ein tunnelkrasj.
- Den 9. oktober 2007: Ein 52 år gammal mann omkom etter å ha køyrt i tunnelveggen.
- Den 9. april 2009: Ei 20 år gammal kvinne døde av skadene ho fekk då bilen ho køyrde trefte fjellveggen i Byfjordtunnelen.
- Nyttårsaften 2013: Ei kvinne mista livet i ein kollisjon i den nordre enden av Byfjordtunnelen. To andre blei alvorleg skada i den same ulykka.
- Onsdag 13. september 2023: To menn i 60-åra i kvar sin bil døde i ein front-mot-front-kollisjon.